Raudøya

Den einaste borgaren som heilt visst har budd her er Jonn Førdt, som han er kalla i 1606-07, då han blei bøtlagd for ulovleg utliggarhandel. Denne JON FØRDT var nok den same som den Jonn Førre som løyste borgarskap i Bergen 1603. Jon er første gongen nemnd som brukar i 1603-04. I 1606-07 tok ein mann frå nabogarden Steinnes ein bukk frå Jon og laut bøte 3 rd for dette. I 1624-25 stal ein mann frå Hovden øl, lerret og andre varer frå han medan Jon var på bergensferd. For dette laut hovdemannen bøte 12 rd. Seinare er ikkje Jon nemnd. Raudøya blei 1646 kalla Furtøen, truleg etter Jon.

  Ein Rolf på Raudøya svarte odelsskatt 1613; kanskje dreidde det seg om borgaren Rolf Johansen i Havåg, som kan ha handla her. I 1610 budde Rasmus Hanssen av Follestadætta på Raudøya, mest truleg som tenar hos Jon Førdt. Det kan tenkast at Rasmus sin far, Hans Jonsen, hadde handla og budd på Raudøya i siste tredjedelen av 1500-talet. Når det gjeld Jon Førdt har det vore hevda at han var son av Carsten Jonson Randall til Fyrde i Volda og dermed lik den Jon Carstensen som budde på Fyrde frå først i 1620-åra og utetter. Vi kan ikkje sjå vekk frå at dette kan ha vore tilfelle. I 1607 tok elles ein Casten Fortt borgarskap i Bergen og i 1637-38 laut Carsten Fourdt i Solegården i Bergen punge ut med ei bot for nattebråk. Desse førenamna kan tyde på samband med ætta på Fyrde, men etternamnet tyder kanskje helst på tysk opphav.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s