Rønnestad

I 1612 tok sunnmøringen LUDVIG ANDERSSEN borgarskap i Bergen. Dette er første borgaren vi kjenner til på Rønnestad. Seinast i 1616-17 var han komen hit, då kalla Loduig Kremer. Han levde enno i 1649, då han blei stemnd av storborgaren Jens Gundersen i Kjeldsund for å ha overfalle han med skjellsord og uprova skuldingar. Ludvig sa at det hadde skjedd vdj hans druckenschab og Jens forlikte seg då med han. I 1632-33 blei han dømd til å bøte 70 daler, ei heil formue, for å ha auffledt barn med hans tiennistepigge. Etter Voldasoga skal Ludvig ha vore av Grotætta, men dette er ikkje prova. Kona hans var datter av voldspresten Peder Rasmussen.

  Ho, MARIT PEDERSDATTER, dreiv handelen i 1650-åra. I 1655 ba denne erlig og gudfrøchtige quinde om tingsvitne på at ho alltid hadde oppført seg som det een erlig dannequinde sømmer och eigner; ho var nok blitt skulda for det motsette.

  Seinast i 1659 hadde ho ekta JØRGEN JØRGENSEN PANTER, borgarson frå Gjerde på Eid i Nordfjord, som i 1660 tok borgarskap i Bergen (han sa det opp i 1670). I 1659 heitte det at han var i schrifuers sted: konstituert tingskrivar. Frå 1666 eller 1667 var han lensmann i Volda skipreide. Då Oluf Povelsen på Rotset døydde ekta Panter enka hans og flytta dit.

  Den som overtok garden etter Panter, seinast i 1680, var ANDERS RASMUSSEN. Det blei halde skifte etter han i 1692; buet var etter måten rikt for å vere eit bondebu (aktiva: 149 rd, passiva: 27 rd), og det røpar at han hadde drive handel før; ikkje utruleg kan han ha vore lik den førre borgaren av same namnet i Kjeldsund. Kona heitte Margrete Hansdatter Brynenkopf, og ho var legekunnig. Seinare var det ikkje handelsverksemd her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s