Rotset

Den første kjende borgaren her er JACOB JENSSEN, som seinast var etablert i 1603; han er nemnd på Øyra i 1601. Etter tradisjonen hadde han vore fut i Finnmark før han kom til Rotset og uddrev der nogle bønder. Dette siste er nok feil; det første veit vi ikkje noke om. Etter segna var kona hans,  Kirsten Pedersdatter, ei svensk adelsdame. Somme har meint at Jacob var son av voldspresten Jens Jacobsen, og det kan han jo ha vore, men vi veit det ikkje. Jacob dreiv både sagbruk og skipsverft her. Han er ikkje nemnd som borgar av Bergen, men mykje tyder på at han var lik ein mann av same namnet som var borgar av Stavanger og som i 1611 hadde fått ei skute kverrsett av sunnmørsfuten, fordi tømmeret skulle ha vore hogd uløyves i kongsskog. Jacob døydde i 1612 eller 1613.

  Enka ekta så CHRISTOPHER ANDERSSEN, lensmannsson frå Kvasnes i Borgund, som brukte Rotset frå 1613 til han døydde i 1634. Han var lensmann i Volda frå kring 1620 til 1633, då han blei avsett i lag med futen Hans Grimmersen, som han hadde hatt maskepi med (sjå Grimmergård I). Christopher dreiv trelasthandel og truleg også anna kjøpmannskap. Han var mest truleg borgar av Bergen, i tilfelle med borgarskap frå 1607 (eventuelt 1622).

  Neste brukaren var OLUF POVELSEN RØDSET, bondeson frå Bjørkedalen og verson til Jacob Jenssen. Truleg frå 1635 til han døydde i andre halvdelen av 1660-åra var Oluf lensmann i Volda skipreide, med unntak av nokre år midt i 1650-åra, då han var visetingskrivar på Sunnmøre. Han dreiv sagbruk og tvillaust handel med, å sjå til utan borgarskap; likevel er han stundom kalla Borger. Han hadde også stort gardsbruk: I 1657 er buskapen hans oppgitt til 5 hestar, 2 oksar, 43 kyr, 24 geiter og 32 sauar, vel 66 kyrlag i alt. Av tingboka frå 1689 ser vi at det blei halde skifte etter han i 1673 og at nettoen i buet då blei sett til 414 rd. Han var ein velstandsmann.

  Enka ekta så JØRGEN JØRGENSEN PANTER, før borgar på Rønnestad, som budde på Rotset seinast frå 1674 til 1684. Han var lensmann i Volda kring 1667-80.

  Stesonen hans, FRANTZ OLSEN RØDSET, før borgar på Indre Folkestad, tok over Rotset i 1684. Han var lensmann i Volda frå 1680 til kring 1688. Han døydde truleg i 1694. Enka dreiv så garden og, truleg, handelen ei l0 års tid.

  Sonen JOHAN FRANTZEN RØDSET tok over seinast i 1706. Dette året fekk kjøpmann Magnus Schiødt i Bergen løyve til å handle i Volda i Rasmus Hanssen Findmands stæd, jf Øyra. Etter løyvet skulle Schiødt flytte til Volda, men han utnemnde i staden Johan Frantzen Rødset som fullmektig. Vi har ikkje grunn til å tru at dette var anna enn reint proforma. I røynda var det Rødset som fekk løyvet, som sette han i stand til å forfølge tevlarane sine i Volda. Han dreiv også handel på Øyra ei tid. Han var lensmann frå kring 1719 til han døydde i 1736. I 1731 kjøpte han Syvde kirke for 260 rd av kaptein Christian Paus. Ved skiftet i 1736 er han kalla velagtbahre og velfornemme borger og lensmand. Han etterlet seg midlar for 6559 rd (m.a. gull og sølv for nær 357 rd, nær 681 rd i reie pengar, jordegods for 1080 rd, kjøpmannsvarer for 900 rd og ei jekt på 18 lester til 160 rd) og ei skuld på 1621 rd (mest skuld til nokre embetsmenn). Dette vil seie at han var mellom dei aller rikaste borgarane på Sunnmøre i si tid.

  Sonen FRANTZ JOHANSEN RØDSET overtok handelen og lensmannsombodet etter faren, men flytta seinast i 1742 til Ulstein, der han slo seg ned på Borgarøya.

  Broren MADS JOHANSEN RØDSET overtok då borgarsetet og lensmannsombodet. Han svarte handelsskatt frå 1745 til han døydde i 1761 som ein svært rik mann. På skiftet i 1762 blei aktiva sette til 9184 rd, passiva til 4630 rd. Enka svarte handelsskatt 1762-63. I 1749 heitte det om Rotset at eigaren var een anordnet giestgiver, og kand af sit havende lidet handelsbrug betale aarlig 6 rd.

  I 1763 ekta enka Anne Colbensdatter Ødegaard løytnant JOHAN SCHIELDERUP, kapteinson frå Romsdal, som svarte handelsskatt 1764-90. Han handla også på Skottholmen i Herøy. I 1785 heitte det om Rotset:

 

Dette er et gammelt handelsstæd, hvortil det ej er ubeqvemt, i sær da ej fleere i dette betydelige skibreede findes; ejeren fører for nærværende tid handel og desuden for nogle aar siden privilægeret giestgiver, hvortil stædet ligger belejlig.

 

Enka etter Schielderup, ANDREA LINDBERG, skreddardatter frå Molde (sjå Tyskholmen), svarte handelsskatt 1791-1812 og 1815-20.

  Den som styrte handelen i den siste tidbolken var truleg MADS NÆREM RØDSET, presteson frå Hjørundfjord og soneson til gamle Mads Rødset. Han døydde i 1822. Sonesonen til Mads Nærem Rødset, Carl Rødset, dreiv frå 1858 eit stort garveri på garden. Han gikk konkurs i 1884, men garveriet blei i slekta og blei drive opp til 1960-åra av barnebarnet hans, Bjarne Vassbotn, som var tiande ættleddet på garden.

  Handelen blei driven vidare av PEDER ELIAS SCHIELDERUP, kremmarson frå Ulsteinvik, som tok til å handle i 1826 og svarte handelsskatt til 1838.

  Dette året selde han kremmarsetet til OLAI DØSCHER OLSEN, kjøpmannsson frå Bergen, som svarte handelsskatt 1839-67. Han var enno verksam i 1876, men laut då gå frå eigedomen, som blei kjøpt av garvaren Carl Rødset.

  I 1865 tok KNUD BIRKEDAHL, bondeson frå Bjørkedalen, til å handle på Rotset, som han var komen til ved inngifte i Aarflot-ætta, som hadde fått hand om stordelen av garden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s