Sørheim

I 1764 skreiv Hans Strøm om Sørheim på vestsida av Ørstafjorden at garden maae i de ældre Tider uden Tvivl havt fornemme Folk (maaskee en gammel Norsk Adelig Familie) til Beboere, efterdi dens yngre Opsiddere, eller de siden saa kaldte Søreims Bønder, altid have været anseet som den fornemste Bonde-Slægt her i Egnen. Og Strøm hadde rett: Sørheimsbøndene var framståande og rike samtidig som dei hadde både opphav i og samband med «fornemme» slekter, slekter som sto over bondestanden i status.

  Handelstradisjonane på garden skreiv seg i alle fall frå trelastida, då sørheimsbøndene åtte sag og  truleg dreiv trelasthandel, men Sørheim si tid som kremmarsete tok snautt til før JON JONSEN SØREM, borgarson frå Øydegard og steson til kremmaren Colben Jonsen Ødegaard, kom til gards seinast i 1689. Jon dreiv kanskje ikkje sjølvstendig handel, men var heller kjøpsvein for stefaren. Enka etter Jon ekta Povel Knutsen frå Hovdenakken, som dreiv garden, men snautt større handel.

  Men frå 1724 handla PEDER NILSSEN SØREM her. Han var bondeson frå Øy i Ørsta, men på morssida av den mektige Wigætta, og såleis i slekt med store delar av borgarstanden på Sunnmøre. Broren Hans Nilssen Glad var elles småkremmar i Stokksund. På skiftet etter den velagtbahre Peder Nilssen i 1736 blei midlane sette til 850 rd, skulda til nær 150 rd. Det var tale om stor velstand. Han åtte m.a reie pengar for 258 rd, jordegods for nær 267 rd og kjøpmannsvarer for vel 44 rd. Han åtte ikkje jekt, men ein tendring som med segl og reie blei sett til 28 rd. Til samanlikning: Eit fjøringfar (ein seksmannsbåt) med segl og reie var samtidig sett til 8 rd, ei ku til 2,5 rd og eit heilt gardsbruk på 3 mællag til 33 rd. Ingen kremmarar på Sørheim etter Peder si tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s