Vikeneset

Dette er namnet på det som ein gong var ei plassegrend under Halkjelsvik som hyste mange slags folk som nærte seg av anna enn bondebruk. Den første vi kjenner til som handla her er OLE BOTTOLFSEN FARDAL, som i 1744 heldt øltapperie og anden smaa bondekram. Han svarte ikkje handelsskatt av denne næringa.

  OLE TORKILDSEN STRØM, ein skomakar frå Trondheim, handla  i 1750-60 åra (handelsskatt 1752-56, 1762-68, enka 1769-70). Enka Ingeborg, datter av Ole Skolemester på Øyra, også ein småkremmar, flytta til Kjeldsund, der ho også handla nokre år. På 1800-talet, og sikkert også før, livnærte mange folk på Vikeneset seg ved litt øltapping og småhandel, gjestgiveri og utskjenking. Det var kirkemugen som fekk nyte godt av desse tenestene.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s