Borgarseta i Hjørundfjord og Sykkylven

Med berre fire borgarsete kvar var desse sokna mellom dei minst borgartette på Sunnmøre, og ingen av borgarseta i Hjørundfjord var lenge liv laga. I Sykkylven var det noke annleis, for Blakstadneset var i drift på heile 1600-talet fram til 1720-åra og Tusvika frå kring 1700 og til slutten av 1800-talet, og som landhandelsstad fram til vår tid. Namnet Juliane i Sykkylven må elles skrive seg frå ei borgarkone der, den danskfødde Charlotte Juliane Arentsborg.

  I Hjørundfjord var lensmannsætta på Årskog og folk av presteætta Aalborg eller Bondal aktive i handelslivet på 1600-talet og noke seinare. Ei grein av Bondalsætta kom til Tusvika. Elles var den svært framtøkne borgaren Jetmund Eriksen på Stordalsholmen, stamfaren til borgarættene Honningdal og Hagerup,  hjørundfjording, fødd på Rise 

  Den danskfødde borgaren Lauge Jenssen handla på Riksheim frå kring 1620. Han var gift inn i den mektige Gudbrandsætta, og rådde over mykje gamalt odelsgods. Gjennom ei datter er han stamfar til den vidgjetne borgarætta Abelset, men også til sykkylvingar i lange baner.

  Frå 1749 var Klokkehaug borgarsete. Der rådde ætta Mechlenburg, som sidan spreidde seg over store delar av borgarstanden i både Borgund og Ålesund. Namna Bastian og Bastiane i Sykkylven skriv seg frå Sebastiane Hiort, kapteinfrue og borgarkone på Klokkehaug.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Årskog, Rise, Sæbø og Sæbøneset (Hjørundfjord), Tusvika, Blakstadneset, Riksheim og Klokkehaug (Sykkylven).

  H J Ø R U N D F J O R D

 I den mon det var borgarsete i dette soknet låg dei i eller ved Bondalen. I høgda kan vi tale om fire: Årskog, Rise, Sæbø og Sæbøneset, alle gardar nedst i Bondalen. Ingen av dei  oppnådde nemnande lange tradisjonar som handelssete. Hjørundfjordingane handla mest i Borgund.

 S Y K K Y L V E N

 I trelasttida kom det opp to borgarsete på vestsida av Sykkylvsfjorden, Riksheim og Blakstadneset (Kremmarneset), men berre det sistnemnde overlevde denne tida. Kring 1700 oppsto Tusvika som borgarsete og dette blei drive til langt ut på 1800-talet. På Klokkehaug, like ved kirkestaden Aure, var det handelsdrift ein liten mannsalder frå 1740-åra og utetter. Elles er ikkje andre borgarsete registrerte i dette soknet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s