Riksheim

Kring 1620 flytta LAUGE JENSSEN hit frå Blakstadneset. Han var frå Ribe, kanskje med opphav i landsbyen Gamst, og tok borgarskap i Bergen 1620 (Laffue Gensen). Her dreiv han også sagbruk og trelasthandel. I åra 1619-24 finn vi han som medseljar åtte skipslaster med trelast. 1622-23 ser vi at han kjøpte ei lest (16 tønner à 117 liter) rug av ei hollandsk skute. Seinare er han ikkje nemnd som trelasthandlar, men han kan ha stått bak dei «bøndene» i Sykkylven som ofte er oppførte som trelastseljarar. Riksheimsaga var i alle fall i drift til ut i 1650-åra. Lauge var helst gift med ei datter av rikmannen Sjur Torkelson på Nordmøre, av ei gild ætt som åtte mykje jordegods på Sunnmøre, Gudbrandsætta. I 1630 rådde Lauge over eit jordegods på 30 mællag (7,5 våger fisk, svarte til 8-10 bruk), men seinare minka jordeigat hans mykje. Han levde enno i 1657 og hadde då ein middels buskap. Ei datter, Margrete Laugesdatter Gamst, var gift med kremmaren og lensmannen i Valle skipreide Lars Olsen Abelset på Apalset. Lauge var lenge einebrukar på Riksheim, som han også åtte. Skylda av garden var fire våger fisk. I alle fall frå 1657 brukte Simon Hanssen garden i lag med Lauge, som truleg var verfar hans. Simon, kanskje av ei ætt Borch, kan ha brukt handel etter Lauge si tid, men vi høyrer aldri om slik verksemd seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s