Sæbøneset

Staden er også kalla Klokkarneset og Smidtneset. I 1724 heitte det at kremmarane OLE OLSEN HOUGSHOLM II i Ørstavik og JØRGEN HANSSEN HØGH i Vegsund var i ferd med å oprette et ringe kremmerleie, paa et dertil faldende beleiligt stæd udi Jøringfiorden, sidan borgarane både i Ørstavik og Vegsund i lang tid hadde handla med ålmugen i skipreidet. Kanskje blei kremmarsetet liggande på Sæbøneset.

  Vi veit ikkje kven som dreiv handelen. Kanskje var det underklokkaren Fredrik Baardsen; han åtte i alle fall hus her, som han i 1749 selde for 100 rd til bergensaren JOHAN FREDRIK SINNING, bryggarson og bror til hjørundfjordpresten Lyder Sinning. Prisen tyder på at det dreidde seg om store og flotte hus. Sinning fekk gjestgivarløyve frå amtmann Tønder i 1749 og svarte handelsskatt 1749-53. Han flytta så til Bergen, der han døydde i 1765

  Då Sinning slutta å handle på Sæbøneset overtok HANS WULFF UNGER frå Jylland. Unger var frå 1747 premierløytnant ved Søndre Søndmørske kompani, frå 1758 kaptein og frå 1761 sjef for Nordfjordske landvernkompani. Han fekk gjestgivarløyve av amtmannen i 1755 og svarte handelsskatt i 1755-57. I 1769-73 var han sjef for Nordfjordske linjekompani og døydde i 1782.

  Seinast i 1763 var sersjanten PEDER JENSSEN STRØM, ukjent opphav, komen til Hjørundfjord, mest truleg allereie då på Sæbøneset, som han bygsla i 1765. Det ser ut til at han dreiv handel her, men han svarte ikkje handelsskatt. I 1772-74 var han lensmann i skipreidet.

  Truleg i 1777-78 kjøpte PEDER JENSSEN SMIDT husa på Sæbøneset. Han var sersjant og skomakar, men er også omtala som gjestgivar, og han fuska litt i legekunsten. Han budde her til han døydde i 1823.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s