Årskog

Med unntak av 10-15 år i andre halvdelen av 1600-talet sat lensmennene i Hjørundfjord skipreide her i tidbolken 1638-1772. Første lensmannen på Årskog heitte Jetmund Larssen. Han var gift med ei datter av Simon Sjursen på Leikong, lensmann i Rovde, jekteeigar og kanskje borgar. Vi høyrer ikkje at Jetmund dreiv handel.

  Sonen LARS JETMUNDSEN, lensmann seinast frå 1679, kan ha drive litt småhandel. På skiftet etter kona, den velfornemme og dydrige nu salige Matrone Cecilie Pedersdatter, i 1712 er det rekna opp nokre varer og uteståande krav som kan tyde på kjøpmannskap. Aktiva i buet var nær 290 rd, passiva vel 225 rd.

  Versonen deirra, den achtbare og velfornemme Seigneur OLE FRANTZEN RØDSET, borgarson frå Rotset i Volda, var lensmann frå kring 1720. Han hadde før budd på Indre Folkestad i Volda og kanskje drive handel der. Det gjorde han nok også på Årskog.

  Sonen hans, LARS OLSEN AARSKOG, var kring 1730 kjøpsvein for ein eller fleire kremmarar i Borgund eller Ålesund. Ein annan son, Frantz Olsen Aarskog, var lensmann i Hjørundfjord fram til 1772. Det ser ikkje ut til at Frantz dreiv handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s