Blakstadneset

I 1617 åtte LAUGE JENSSEN ei sag i Valle skipreide. Han blei kalla Jarnes, men budde truleg på borgarsetet under nabogarden Blakstad, Blakstadneset eller Kremmarneset, som det ofte blir kalla. I 1616-17 er Lauge også nemnd på Hankeneset i Borgund, der han truleg var kjøpsvein for Rasmus Lauritzen Stud i Bergen. Kanskje var han kjøpsvein på Blakstadneset før han flytta til Riksheim kring 1620. Sykkylvshamn, trelasthamna i Sykkylven, låg etter alt å døme på Blakstadneset.

  Den neste borgaren vi kjenner til på staden var OLUF NILSSEN BLAKSTAD, som første gongen opptrer i kildene i 1629. Han var mest truleg lik sunnmøringen av same namn som tok borgarskap i Bergen i 1623. Kring 1630 er han kalla «Jarnes», seinare alltid «Blakstad». I juni 1633 heiter det at han selde ei uoppgitt mengd sagbord til ein skipper frå Leith som førte ei skute på 23 lester. Av skipperen kjøpte han 30,5 tnr korn og 26 sekkar mjøl. Oluf, som dei fleste andre borgarane, hadde jekt. I 1636-37 førte han ei last med salttorsk til Bergen og i 1639 svarte han lastepengar av to jekter, kvar drektig 6 lester, der. Oluf levde enno i 1666; alderen hans er då oppgitt til 78 år.

  Truleg lenge før den tid hadde sonen JOHAN OLSEN BLAKSTAD tatt over handelen. Han tok borgarskap i Bergen i 1658. I 1675 handla han enno; då kalla borger oc gastgiffuer. Seinare høyrer vi ikkje meir om han. Broren Peder var bonde på Blakstad. Ein annan bror var mest truleg den Oluf Olsen Blakstad som i 1686 døydde som handelsmann i Kiberg i Finnmark.

  Den neste kjende kremmaren på Blakstadneset heitte OLE LARSSEN BLAKSTAD, nemnd som strandsittar 1688-99. I 1690 fekk han tingsvitne på at han nærte seg berre som husmann, men han heldt truleg fram med handelen. I 1701 heitte det at han var 50 år gammal, fattig og blind.

  I 1704 fekk OLE LARSSEN ABELSET på Apalset løyve av stiftamtmannen i Bergen til å sette opp eit hus på Blakstad for å drive handel der, slik at dei han handla med i Sykkylven ikkje trong fare den lange vegen til Apalset. Truleg var den førre kremmaren, Ole Larssen Blakstad, Abelset sin kjøpsvein. Ole Larssen Blakstad døydde i 1721 og etterlet seg eit rikt bu for å vere ein fattig mann. Aktiva var nær 200 rd (av dette 140 rd i reine pengar), passiva snautt 21 rd.

  Sonen til Ole, CHRISTEN OLSEN BLAKSTAD, som døydde før faren, var kanskje også ei tid kjøpsvein for Abelsetfolka, men han døydde som bonde på Tu.

  I 1724 heitte det at Blakstad hadde af gammel tid været et lidet og ringe kremmerleie som no atter skulle bli tatt i bruk av CHRISTOPHER OLSEN ABELSET på Apalset og PEDER JETMUNDSEN HONNINGDAL i Honningdal, paa samme gamle stæd kaldes Blachstadnæs. Ved same høvet fekk de borgere og handelsmend udj Vegsund, som og alle tider har haft deris handel her udj Søchølven løyve til å halde fram med denne og eventuelt bygge eit kremmarsete på Blakstad eller ein annan høveleg stad. Vi veit det ikkje visst, men mest truleg sette kremmarane på Apalset og i Honningdal planane sine i verk. Kven dei heldt som kjøpsveinar og kor lenge handelen blei driven, manglar eg opplysningar om.

  JETMUND JETMUNDSEN, bondeson frå Lande i Ørskog, budde på Blakstadneset i tida 1723-30 og kan ha vore kjøpsvein for éin av dei ovannemnde kremmarane. Seinast i 1745 budde huslyden i Litjebotn i Volda.

  Ein Peder Knutsen Valde budde på Blakstadneset i vissa 1744-47, men ser ikkje ut til å ha handla.

  Frå midten av 1740-åra handla ANDERS DAVIDSEN her. Han var snekkar og snekkarson frå  Kagholen under Grebstad i Sykkylven. I tida 1746-58 svarte han lausgjengar- og/eller handelsskatt i seks av åra. Han budde her enno i 1773, då kona hans døydde og etterlet seg eit velståande bu etter bondemål. Aktiva var på nær 276 rd (m.a åtte buet 6 mællag i Dravlaus), passiva berre på 18 rd. Etter tradisjonen skal Anders ha halde fram med handelen også etter denne tid. Han døydde 85 år gammal i 1801. Ingen kremmar seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s