Klokkehaug

I 1748 ekta ei datter av den rike sunnmørsprosten Hans Jacob Hiort på Ørskog kapteinen NILS DE  MECHLENBURG (opphavleg ættnamn: Hansteen) frå Christiania, som same året tok til å handle på Klokkehaug. Han var sjef for Nordre Søndmørske linjekompani frå 1749. Same året heitte det at staden var et nødvendig kræmmerstæd for Søchellens almue, og siden Hr. Capitain Mechlenburg bruger der een liden handel, kand deraf gives 6 rd aarlig.  Det kan hende at mostermannen hans, major CARL FREDRIK RØMER, hadde handla på Klokkehaug før den tid. Frå 1725 åtte Rømer Sykkylven kirke, som han kjøpte for vel 543 rd (485 rd kroner). Mechlenburg svarte handelsskatt 1748-57. Han døydde det siste året, truleg steinrik, for på skiftet etter han i 1775 var aktiva i buet nær 5678 rd, passiva 1894 rd. Ikkje utruleg heldt enka, Sebastiane Hiort, fram med handelen, men utan å svare handelsskatt. På skiftet etter ho i 1809 var midlane i buet 4911 rd, skulda 1195 rd.

  Sonen HANS JACOB MECHLENBURG tok så over og svarte handelsskatt 1769-70. Han ga så opp farsgarden til fordel for det meir sentrale og større borgarsetet Vegsund i Borgund, der han fekk innpass gjennom truloving og ekteskap med dattera i huset. Seinare ingen handel, men verbroren hans, Jacob Eide, kan ha drive litt kramhandel på garden, men utan å svare handelsskatt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s