Rise

I 1624 tok SAMUEL INGEBRIGTSEN borgarskap i Bergen. Fødestaden hans ført som Bergen, men han var kanskje sunnmøring, for farfaren hans var Olaf Ingvaldson på Eikrem i Borgund som åtte ein god del odelsgods i Hjørundfjord, i Rise, Årskog, Holen, Gjerde, Tryggeset, Haugen, Aksla og Slettedal. Farbroren til Samuel, Håvard Olson, fekk i si tid  skulda for at Giskegard brann i 1610 eller 1611. Olaf på Eikrem pantsette dette odelsgodset for å skaffe pengar til skadebota, tydelegvis til rovdelensmannen Simon Sjursen på Leikong. I 1655 gikk Samuel Ingebrigtsen på Rise, som før hadde budd i Bergen, til sak mot Simon sine ervingar for å få frigitt det pantsette jordegodset. Han vann fram med søksmålet og fekk rett til å løyse inn ein brorlut av godset. På Rise budde han enno i 1674, men var daud før 1680. Han kan ha drive handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s