Sæbø

Mellom borgarane som fekk bøter for ulovleg utliggarhandel i Nordluten av Sunnmøre 1606-07 er oppført ein OLUF COLBENSEN, som snautt kan ha vore noken annan enn Olluff Colbennsenn Sebye som, høyrer vi same året, åtte jekt i lag med Nils Sjurson i Solevåg, lensmannen i Borgund, ei jekt som futen leigde for å frakte leidangs- eller landskyldvarer til Bergen med. Oluf Colbensen var lensmann i Hjørundfjord 1614-25 og 1627-38. I 1620 vitna Oluf i lag med Jetmund Sæbø og Lars Kvistad at han hadde mottatt øl, mjød og andre varer som dei skulle selje på vegner av futen Lauritz Christensen. Oluf vedgikk elles å ha fått ei tønne mjøl av futekona til tinghaldet; og av futetenaren Hans Surballe (seinare lensmann i Ørsta) hadde Oluf mottatt 2 tønner mjøl for sal.

  Ein annan av futen sine handelsfellar i Hjørundfjord var presten Jørgen Hanssen på Frøland. Han hadde kjøpt lerrett, vin og låsar for tørrfisk. To av sønene til Jørgen tok borgarskap i Bergen, Hans Jørgensen i 1622 og Jacob Jørgensen i 1651, men ingen av dei ser ut til å ha verka i Hjørundfjord.

  Sæbø blei prestegard i 1632, då Peder Jenssen Aalborg, Jørgen Hanssen sin ettermann, slo seg ned her. Peder Aalborg kan ha hatt minst to søner, presten Jens (sjå nedanfor) og borgaren Peder. Denne PEDER PEDERSEN AALBORG eller, truleg, BÆVERLOU var kanskje lik den Peder Aalborg som er nemnd mellom borgarar på Sunnmøre i 1674; ein Peter Petersen frå Hjørundfjord tok elles borgarskap i Bergen i 1685. Kanskje handla Peder på Sæbø, men han er ikkje nemnd på Sunnmøre anna enn i 1674. Han kan ha budd i Bergen etter at han tok borgarskap og ha halde ein kjøpsvein på Sæbø, kanskje den mulege brorsonen Peder Jenssen Bondal.

  Prestesonen Jens Pedersen Aalborg eller Bondal var også prest i Hjørundfjord og budde på Sæbø.

Han var far til PEDER JENSSEN BONDAL som handla her i 1691. Frå kring 1694 brukte han noke av prestegarden Frøland, men budde helst på Sæbø. Kring 1706 flytta han til Skinnvikbotn i Volda, der han døydde i 1713 utan å drive handel. Broren Mads Jenssen Bondal var kremmar i Tusvika.

  Etter Peder Jenssen Bondal si tid ser det ikkje ut til å ha vore kremmarar på Sæbø før JOHANNES LARSSEN WIDDAL, bondeson frå Viddal og bror til Peder Larssen Widdal på Stordalsholmen, bonde og jekteeigar, tok til å handle i 1744. Handelsskatt 1744-48. Johannes Widdal blei ikkje rekna som kremmar i 1749.

  Det blei derimot CLARA CASSUBEN, enke etter hjørundfjordpresten Christian Cassuben. Clara svarte handelsskatt 1746-48. I 1749 blei Sæbø, hvor presteenken mad. Cassuben driver lit øl- og brendevinssalg, sett til 4 rd i årleg handelsskatt.

  Sersjant JOHANNES DUE svarte handelsskatt i 1755.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s