Tusvika

Kring 1620 var ein Christopher bonde her. Han var sageigar. I 1651 er Oluf nemnd som brukar. Han var truleg far til den Elling Olufsen som sat på garden i 1666. I 1670-80 åra brukte ein Christopher atter garden, og i 1701 heitte brukaren Jørgen. Ingen av desse dreiv handel, så vidt vi veit.

  Første kremmaren var MADS JENSSEN BONDAL, presteson frå Hjørundfjord (sjå Sæbø), som er nemnd som handlar frå 1699 og utetter. Seinast i 1703 var han etablert her. Mads var student frå 1689 og studerte så teologi nokre år. I 1693 blei han utlagd som far til eit uektefødd barn. Han laut bøte 12 rd og blei fradømd retten til å bere kappe og krage. Mads Jenssen var verksam i alle fall til 1728. Seinare høyrer vi ikkje meir om han.

  Enka, BOEL LARSDATTER SMITH, borgardatter frå Larsgarden i Borgund, dreiv så handelen i 1730- og kanskje inn i 1740-åra. Tusvika blei ikkje rekna som borgarsete i 1749.

  Sonen PEDER MADSSEN BONDAL tok over handelen kring 1750 og svarte handelsskatt 1752-62 og 1764. Truleg handla han også etter denne tid. Han er siste gongen nemnd i 1773.

  I vissa 1779-81 budde Ingebrigt Ingebrigtsen Tusvig på staden. Han var gift med kremmardatra Anne Karen Clausdatter Svertz frå Slinningen i Borgund. Vi kjenner ikkje til om han dreiv handel.

  I 1782 fekk MONS KNUDSEN FAUSKE, bondeson frå Fauske i Sykkylven, skøyte på Tusvika. Mons dreiv som gjestgivar, men svarte ikkje skatt av verksemda. I 1785 blei Tusvika heller ikkje rekna med mellom kremmar- og gjestgivarseta på Sunnmøre.

  Neste kremmaren var JENS WINJE (også Winnie og Winnje), bondeson frå Geiranger, som kjøpte Tusvika på auksjonen etter Mons Knudsen i 1788 for 248 rd. Jens Winje fekk handelsløyve i 1794 eller før og svarte handelsskatt 1793-1819.

  Versonen LARS THOMMESEN, bondeson frå Riksheim i Sykkylven, tok over handelen etter Jens  Winje og svarte handelsskatt 1826-63.

  Versonen, skipskaptein CARL LUDVIG LIED, offisersson frå Romsdal, heldt fram med handelen. Han svarte handelsskatt 1864-67. I 1868 gikk Lied konkurs, men budde her til 1884, då han selde til L A Gjøsund. Både Thommesen og Lied kan ha drive handel på Humlekavlen i Borgund i fisketida. I 1877 var kaptein Lied enno landhandlar i Tusvika. Også etter hans tid blei det drive handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s