Dalebøen

Ved sjøen under garden Dale finn vi Dalebøen, like ved Norddal eller Dale kirke og i midtpunktet av Dale skipreide. I alle fall i 1750-åra var kremmarar i verksemd her. Den første vi høyrer om var LARS THORESEN HIELME, bondeson frå Hjelme i Valldalen, som svarte handelsskatt 1751-56. Han var første gongen gift med Ingeborg Sørensdatter Hagerup, enke etter klokkaren Oluf Eriksen Dale som kanskje hadde handla her før. Lars Hielme levde til 1768.

  Klokkaren OTTO FREDRIK SCHIERENBECH, ein bergensar, svarte handelsskatt her 1755-56. Han kan ha handla her tidlegare med. Han døydde i 1757, etter måten velståande. På skiftet i 1759 blei aktiva sette til 211 rd, passiva til 31 rd. Seinare ingen handel her før i nyare tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s