Hellesylt

Seinast frå 1630 sat Endre Gamelson som lensmann i Sunnylven skipreide på denne garden. Han døydde i 1670 og skal ha verka som lensmann til 1667. Sonen Peder Endreson tok over ombodet seinast i 1680 og sat med det til kring 1703, då sonen Iver Pederson overtok som lensmann.

  Iver hadde sonen OLE IVERSEN HELLESYLT, nemnd som lensmann i 1720, som handla her i fem-seks års tid før han døydde i 1725.

  Broren PEDER IVERSEN HELLESYLT tok over som lensmann i 1730-åra og handla her til han døydde i 1742. På skiftet i 1743 blei aktiva sette til vel 273 rd, passiva til 209 rd.

  Så låg handelen nede til kring 1750, då Korporal Pe, PEDER GAMMELSEN HELLESYLT, tok opp tråden. Vi veit ikkje kor han kom fra, men farsnamnet røpar at han var av lensmannsætta. Han hadde før vore korporal i København. I 1753 fekk Peder gjestgivarløyve av futen og han svarte skatt som gjestgivar 1753-60. I 1760 blei han tiltala for ulovleg ølsal og i 1762 for brennevinsbrenning. Han døydde i 1762. På skiftet i 1763 blei aktiva sette til 446 rd, passiva til 714 rd.

  Enka, Stenor Toresdatter, ekta då PEDER PEDERSEN HELLESYLT, son av ovannemnde Peder Iversen, som også handla noko, etter Sunnylvsboka. Om Stenor heiter det vidare at ho var grei til å handle. Ho reiste sjølv til Trondheim og Bergen med bondevarer, og kom heim med byvarer som ho høkra ut. Dei svarte ikkje handelsskatt av verksemda. Stenor døydde i 1781.

  Seinare låg handelen nede like til 1848, då LARS PEDERSEN RINGDAL, bondeson frå Sunnylven, tok til å svare handelsskatt. Han dreiv til 1860.

  ANDREAS HIND JESSEN, ein kontoristson frå Bergen, tok over etter Ringdal. Kremmarsetet hadde Jessen kjøpt allereie i 1859. Han svarte handelsskatt 1860-67, men i 1869 ga han opp. Jessen ser ut til å ha vore finansiert frå Bergen. Seinare var Jessen handelsfulllmektig i Finnmark, der han (omsider) blei gift, men seinast i 1884 budde han og huslyden i Bergen. I 1871 kjøpte Hans Nicolai Sandborg i Bergen, frå 1875 kjøpmann i Ålesund, borgarsetet. Frå 1883 sto enka etter Sandborg for handelen, som ho dreiv til 1892. 1877-80 var handelsstaden vekkleigt til ein Mons Strandenæs.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s