Rellingen

Frå kring 1635 budde JOHAN JOHANSEN på garden. Han var lik sunnmøringen av same namnet som tok borgarskap i Bergen i 1624. Johan var frå borgarsetet Hannsund i Borgund og hadde handla på borgarsetet Sula før han kom til Rellingen gjennom giftarmålet med  Margrete Jensdatter, enke etter norddalspresten Arne Eivindsen. Johan verka stundom som lensmann i Dale skipreide, og i det minste 1659-67 var han kirkeverje i Norddal. I 1657 er han ført med ein buskap på 2 hestar, 2 oksar, 24 kyr, 12 geiter og 20 sauar, i alt vel 37 kyrlag. Denne erlig og velagt mand, som han blei titulert, døydde i 1667. Han rådde då for eit etter måten stort jordegods, nemleg 15 våger fisk. Eg har ikkje funne at noken heldt fram med verksemda til Johan Johansen.

  Så låg handelen nede til midt på 1700-talet, då gullsmed HANS JØRGEN REUTZ, presteson frå Norddal og eigar av Rellingen, tok til med både gullsmed- og handelsverksemd. Handverksskatt 1748-49 og 1757, handelsskatt 1752-56 og 1761. Garden blei ikkje rekna som kremmarsete i 1749. Etter Hans Strøm tok Reutz til å dyrke poteter allereie i 1750-åra. Han var såleis mellom dei første potetdyrkarane i Norge, kanskje den første. Han hadde elles ei poetisk åre og var husdiktar for den fornemme standen på Sunnmøre. Han døydde i 1765.

  Ei datter av Reutz ekta løytnant, seinare kaptein LUDVIG TORBJØRN SYNNESTVEDT, som truleg dreiv gjestgiveri på Rellingen, men utan å svare skatt av det. Han døydde i 1799.

  Sonen HANS JØRGEN REUTZ SYNNESTVEDT fekk gjestgivarløyve for Rellingen i 1806 og svarte gjestgivarskatt 1807-08 og 1811-25. Synnestvedt var vegmeister i Romsdal og Søndre Trondhjems amt frå 1802, kapteins grad frå 1803. I 1809 kjøpte han garden Indre Årø ved Molde og flytta truleg dit. På Rellingen må han ha hatt ein styrar av gjestgiveriet, men vi veit ikkje kven det var. Synnestvedt var tingmann for Romsdal i 1815. I 1827 blei han utnemnd til krigskommisær. Inga verksemd på Rellingen etter hans tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s