Stordalsholmen

I 1664 budde Nils og sonen Lauritz her; i 1666 var Lauritz brukar og faren husmann. Vi kjenner ikkje til om dei dreiv handel. I 1683 budde endå ein Nils her.

  I 1684 høyrer vi første gongen om handel; då heldt PEDER PEDERSEN BÆVERLOU, kjøpmann  i Bergen, ein kjøpsvein her. Det ser ut til at Bæverlou dreiv handelen like til 1699.

  Kjøpsveinen hans heile tida var JETMUND ERIKSEN, bondeson frå Rise i Hjørundfjord, som tok over handelen som sjølvstendig kring 1700. Jetmund Eriksen tok borgarskap i Bergen i 1702. I 1708 kjøpte han den handelsplatz Stordalsholmen med hus og grunn samt plassane Holmhalsen og Ura av borgaren Mads Olsen i Bergen, Bæverlou sin steson. Med unntak av nokre år kring 1730 dreiv han handelen til midten av 1730-åra. I 1738 blei det halde eksekusjon i buet hans etter krav frå kjøpmann Werner Hosewinckel i Bergen. Aktiva blei då sette til 1019 rd og passiva til nær 1223 rd (av dette var 1210 rd gjeld til Hosewinckel). Jetmund Eriksen døydde i 1751. Han er stamfar til slektene Honningdal og Hagerup på Sunnmøre.

  Sonen ERIK JETMUNDSEN tok over handelen etter faren sist i 1720-åra og dreiv så eit par år. Sidan høyrer vi ikkje meir til han.

  Verbroren PEDER LARSSEN WIDDAL, bondeson frå Viddal i Hjørundfjord (sjå Sæbø) tok til å handle her i 1736, ser det ut til. I 1742 fekk denne velfornemme unge karl skøyte på Stordalsholmen med Djupdal og Ura for 520 rd frå Hosewinckel. Peder svarte handelsskatt 1744-63, enka 1764-65. På skiftet etter dei begge i 1766 blei aktiva sette til 2432 rd, passiva til 862 rd, eit solid velstandsbu. I 1749 heitte det om kremmarsetet at bonden Peder Widahl…driver en liden handel, og kand deraf aarlig svare 8 rd. På skiftet i 1766 etter det barnlause paret Peder Widdal og Anne Jetmundsdatter blei aktiva i buet realiserte for 2432 rd, skulda var 862 rd, så det dreidde seg om velstandsfolk.

  I 1766 fekk OLE PEDERSEN HONNINGDAL, kremmar i Honningdal og soneson av Jetmund Eriksen, skøyte på staden. Han svarte handelsskatt av ein kjøpsvein 1767-69 og handla her kanskje endå ei tid.

  I 1771 svarte HANS BRODERSEN RØRING handelsskatt her. Han var presteson frå Veøy i Romsdal. Han budde her i alle fall til 1773. Seinare blei han kremmar på Slinningen i Borgund.

  I 1777 dreiv JENS BRINCH POLS, kremmarson frå Drynesund og før kjøpsvein på Grimmergård II i Ålesund, handel her. Før han flytta til Vinje (sjå ovanfor) var han kanskje kjøpsvein her nokre år for den neste eigaren.

  JAN HERMAN HØIRUP, kremmar på Apalset, kjøpte Stordalsholmen i 1778 av Ole Honningdal. Høirup flytta hit etter 1779. Han svarte ikkje handelsskatt, men handla likevel. I 1785 heitte det om Stordalsholmen:

 

Eet gammelt handelsstæd beqvemt og fornøden baade nu og fremdeles; stedet som det eeneste i sognet ligge belejlig saavel for dettes almue som for forbifarende almuesmænd, men ejeren har for nærværende i præstens mandtaller ej som handler bleven opgivet, da han altsaa ej heller har betalt nogen handelsskat.

 

I 1787 gikk Høirup konkurs og han flytta tilbake til Apalset, der han fekk kår hos verbroren. Han døydde i Honningdal i 1828.

  Den som fekk tilslaget på kremmarsetet på auksjonen etter Høirup var DIDRIK EILERT LUTH, kremmarson frå Nørveneset, som svarte handelsskatt 1788-97. Han fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Han dreiv også handel på Svinholmen i Borgund. Luth gikk konkurs i 1797. I 1798 overtok kjøpmann Georg Vedeler i Bergen borgarsetet. Luth budde då i Søvik i Borgund.

  Stordalsholmcn og Svinholmen blei i 1798 kjøpt av FRANTZ DIDRIK GRUNG frå Bergen. Han var fødd i Sandviken og tok borgarskap som meisterreipslagar i byen i 1788. Grung budde her berre til 1802. Han svarte ikkje handelsskatt, men dreiv truleg handel likevel, kanskje som stråmann for Vedelerfamilien i Bergen. Elles veit vi at han praktiserte reipslagarhandverket. I åra kring 1800 finn vi han som «prokurator» for ymse kremmarar i Borgund, der han kanskje budde så seint som i 1804, men seinast i 1805 var han komen tilbake til Bergen.

  I 1802 gikk Stordalsholmen tilbake til Vedelerfamilien, som året etter selde staden til stordalingen Ole Larssen Midtbust. Han dreiv ikkje handel. 

  I 1811-33 svarte OLE PEDERSEN, bondeson frå Dyrkorn, gjestgivarskatt her. Han kjøpte staden i 1804 for 350 rd. I 1833 døydde Ole, kona og to av barna deira i ein epidemi. Stordalsholmen gikk til auksjon i 1834, og kjøparen blei neste kremmaren på staden.

  Det var GUNDER SALOMONSEN MYHRE, bondeson frå Kvinnherad. Han svarte handelsskatt her 1835-67. Myhre skal ha vore den første som tok til med fruktdyrking i større stil i Storfjorden. I 1877 overlet han kremmarsetet til sonen Salomon Myhre som heldt fram med handelen ei tid. I dag ligg staden øyde.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s