Vinje

Også kalla Gjestegarden. Kring 1780 kom JENS BRINCH POLS, før kremmar på Stordalsholmen, hit, og truleg heldt han fram med borgarnæringa her. I 1812 heitte det at han til den tid hadde hatt tinghaldet for skipreida Dale og Sunnylven: Han hadde hatt oppgåva med å forsyne tinget med etande og drikkande. Han svarte aldri skatt av denne verksemda. I 1801 er det opplyst at han var 55 år gammal og af Borger Stand. I huset var det tre døtre og dei to eldste livnærte seg ved at strikke og spinde. På skiftet etter Pols og kona i 1816 var aktiva berre litt meir enn 6 rd, passiva derimot nær 34 rd.

  Ei av døtrene, MAREN MAGDALENE POLS, tok til å svare gjestgivarskatt i 1808, men allereie i 1807 heitte det at ho hadde tatt til med gjestgiveri. Ho var elles eineerving til kjøpmannsenka Maren Magdalene Fasmer (fødd Leeg) på Molde, faren si halvsøster, men arven var lite å skryte av. I 1806 ekta ho LARS AMUNDSEN LØKRA, bondeson frå Romsdalen, nemnd som gjestgivar her seinare. Paret svarte gjestgivarskatt 1808-19. Løkra budde her enno i 1825 og er då omtala som Gjæstgiver, endå han ikkje svarte gjestgivarskatt. Vi veit ikkje kor lenge han dreiv denne verksemda, men han levde til 1851. Seinare inga borgarnæring her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s