Ytre Dale

Seinare Ytredal. Den første kremmaren her var PEDER LARSSEN YTRE DALE, bondeson frå garden som tok til å  handle seinast i 1745. Handelsskatt 1745-48. Han levde til 1779. I 1749 blei ikkje Ytre Dale rekna som kremmarsete. 

  LARS PEDERSEN YTRE DALE, son av den føregåande, tok over handelen etter faren og svarte handelsskatt 1751-63 og 1777-91. Han døydde i 1792, fallitt. I 1785 heitte det om kremmarsetet:

 

Ejeren som er en bondemand har i nogle aar ført en liden og ubetydelig handel, da hans næringsvej fornemmelig bestaar i sit gaardebrug, fiskerie og lade fragte sin jægt til andre; stedet synes derfor ej synderlig nødvendig.

 

  Sonen PEDER LARSSEN YTRE DALE d.y. dreiv så verksemda vidare i eininga 1792-1818, dei siste ti åra berre som gjestgivar. I 1790 fekk han skøyte frå faren på 1,5 våg fisk i garden Ytre Dale, tredjedelen av sagbruket der, jekta Svanen på 24 lester, ei fiskarstove i Ålesund, ein part i Norddal kirke samt mykje lausøyre, krøtel og meir for 1280 rd. Peder fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Skiftebuet etter han i 1826 balanserte berre så vidt. Inga borgarnæring her seinare.

  Allereie i 1743 fekk Peder Larssen Ytre Dale festebrev på ei hustomt og ei hjellstø på Noteneset i Ålesund. Der bygde han, for i 1784 er det opplyst at sonen Lars åtte ei fiskarstove i Ålesund. I 1803 finn vi atter nokre hus i Ålesund i eiga til denne ætta for då laut Peder Larssen Ytre Dale d.y. selje desse husa til Peter Nicolai Randulff i Hamna i samband med at Peder gjorde oppbud. Han var gått konkurs, men kom seg på beina att, sidan han heldt fram med handelen like til 1818. Kremmarane i Ytre Dale hadde altså ein fast fiskestasjon i Ålesund gjennom 60 år. Det er lite truleg at kremmarane i Ålesund tillet dei å drive handel frå denne stasjonen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s