Apalset

Garden ga namn til den mest framståande borgarætta på Sunnmøre på 1700-talet, Abelsetætta, som ikkje berre var rik på gods, men også på ætlingar som fann vegen inn i den sunnmørske borgar- og embetsstanden. Opphavet til ætta si sterke stilling ligg kanskje å finne i trelasttida, då ættfaren Oluf Jonsen forsterka ei allereie solid stilling i bygdesamfunnet, for han han var av god ætt og lensmann i Valle skipreide, gjennom sagdrift og trelasthandel. Han døydde seinast i 1653, etter å ha vore lensmann i alle fall frå 1609. Han etterlet seg snautt 4 våger jordegods.

  Sonen LARS OLSEN ABELSET tok i 1653 over som lensmann etter faren, og med han tok truleg handelstradisjonane til. I 1656 tok ein Lauridtz Olssen frå Sætre på Sunnmøre borgarskap i Bergen. Dette kan ha vore Lars Abelset; det kan tenkast at Apalset er blitt til Sætre, eventuelt at Lars budde på Sætre (i Sykkylven) ei tid, dvs like ved Riksheim, der verfaren Lauge Jenssen budde. Gjennom ekteskapet med Margrete Laugesdatter Gamst kom det endå meir rikdom til Apalset, m.a. eit stort sølvkrus på 28 lodd. I 1657 hadde Lars ein buskap på 1 hest, 1 okse, 29 kyr, 14 geiter og 10 sauar eller 37 kyrlag. I 1677 åtte han eit jordegods på 36 våger fisk (svarte til 40-50 bondebruk eller like mange leiglendingar). Han døydde kring 1687.

  Sonen OLE LARSSEN ABELSET, borgar av Bergen frå 1678, tok då over lensmannsombodet og garden. Han hadde før budd på Langskipsøya. Han dreiv også handel i Honningdal. Han ser også ut til å ha hatt ein handelsfilial, i det minste fiskeværhus, på Hundsvær. Ole Abelset hadde ikkje andre søsken enn søstera Ragnhild, som ekta den rike og mektige jordeigaren, lensmannen og borgaren Knud Nilssen Wig i Ørstavik. Men Knud Wig kunne ikkje måle seg med Ole Abelset, som då han døydde i 1711 etterlet seg eit bu med aktiva for 7786 rd og ei gjeld på vel 192 rd. Berre jordegodset, snautt 109 våger fisk, utgjorde 3754 rd. I bøkene hans sto over 300 mann innførte med ei samla gjeld på nesten 1200 rd. Buskapen hans talde 49 kyr. I tillegg til 2 jekter, ei stor på 36 og ei lita på 8 lester, rådde han over ein liten armada av fiske- og fraktfarty, m.a. 1 åttring, 2 fjøringfar, l seksring, 2 kjempefæringar, 1 trimenning, 2 notbåtar og 1 sambøring. Utan vanskar kunne han halde 40 mann på fiske. Ole Abelset handla elles ei tid på Blakstadneset (sjå der). Gjennom ekteskapet med Maren Madsdatter Alstrup, prestedatter frå Norddal, blei han verbror til fleire av borgarane på Sunnmøre, såleis Henrik Stadtzen Østerich i Steinvågen, Lars Nilssen Ulfeldt same stad og Claus Nilssen på Slinningen, og truleg også Hans Anderssen Molberg på Taskeberget (som var gift inn i Gaasætta) og, heilt visst, Hans Jenssen Frørup på Brunholmen, som var gift med Sofie Knudsdatter Gaas, eit søskenbarn av Maren Madsdatter. Ole Abelset og Maren hadde 7 barn, 2 døtre og 5 søner. Ei datter døydde ugift, den andre blei gift med vanylvspresten Rasmus Pedersen Brandal. Av sønene var fire kremmarar: Lars i Honningdal, Mads på Larsnes, Povel på Solnør og

  CHRISTOPHER ABELSET på Apalset. Den femte sonen, Jens Abelset, levde som proprietær på Apalset til han døydde i 1754. Då Jens døydde, skriv Peder Fylling, hadde han selt jordegodset sitt med «Hensigt at tage Borgerskab i Bergen, og i den Anledning havde han med sig 2de store Skindpunge fyldte med Sølvpenger … men han blev i Bergen overrumplet af en hastig Død». Christopher Abelset tok seinast over handelen på farsgarden i 1714, då mora døydde. Året etter blei han gift med futedattera Charlotte Amalie Møller frå Galtevågen (no Bjørkavågen), og blei dermed verbror til den rike proprietæren og kremmaren Hans Møller (sjå Hanken). I 1726 fekk han skøyte frå kongen på Ørskog kirke, som han hadde betalt nær 482 rd (430 rd kroner) for. I 1742 opplyste Christopher at han hadde drive kjøpmannskap i 22 år, men då han eit par år seinare blei kravd for handelsskatt hevda han at han ikkje var skattepliktig fordi han berre hadde handla med sine eigne leiglendingar, som han nok hadde eit par hundre av på den tida.

  I 1749 blei ikkje Apalset rekna som aktivt borgarsete.

  1756-64 svarte Christopher Abelset handelsskatt, enka 1765-71. Då han døydde i 1764 blei han rekna som Sunnmøres rikaste mann, men vi veit ikkje kor store midlar han rådde over. Enka sat nemleg i uskifta bu til ho døydde i 1775. Ho etterlet seg aktiva for vel 14.488 rd; passiva ser ut til å ha gått opp i snautt 5463 rd. Truleg hadde ho tært mykje på midlane i dei åra ho sat som enke, men likevel var det ein imponerande netto i buet. I 1774 er ho oppført som eigar av 116 våger jordegods utanom det kirkegodset ho åtte.

  Sonen CHRISTEN MØLLER ABELSET tok over handelen 1773 og svarte handelsskatt 1773-75.

  I 1777-78 svarte verbroren hans, JAN HERMAN HØIRUP, ein bergensar, handelsskatt her. Han flytta så til Stordalsholmen. Christen Møller Abelset døydde her i 1799, som rein proprietær, ser det ut til. I 1785 blei ikkje Apalset rekna som borgarsete.

  Enka etter Abelset, Birte Margrete Brandal, skøytte 1800 garden til NILS MECHLENBURG, kremmarson frå Vegsund, som var gift med brordattera til Christen Møller Abelset, Margrete Henningsdatter Abelset, prestedatter frå Haram. Mechlenburg tok straks til å handle her og svarte handelsskatt 1800-16. I 1818 selde han garden til ein bonde og flytta sjølv til Honningdal, der han døydde. Dermed var soga om Apalset som herresete og borgarsete ute.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s