Borgarseta i Ørskog og Skodje

Den største trelasthamna på Sunnmøre i første halvdelen av 1600-talet var Langskipsholmen, eller Langskipsøya, i Ørskog kirkesokn. På éi tid var det tre borgarsete der, og den litje øya var tettbygd og folkerik. Men i 1650-åra var trelasteventyret over. Likevel blei det drive borgarnæring der meir eller mindre samanhengande til 1772.

  Det største borgarsetet på Sunnmøre i mannsaldrane kring 1700 låg også i Ørskog sokn, på Apalset, der den mektige og rike ætta Abelset rådde grunnen frå kring 1600 like til 1816. I dag er det snautt far etter borgarsetet der, med det må ha tatt seg ut som ein herregard, omtrent slik Solnør tar seg ut no. Då Christopher Abelset døydde i 1764 blei han rekna som rikaste mannen på Sunnmøre.

  Abelsetætta hadde også lenge hand om dei einaste to borgarseta som har vore i drift i Skodje sokn, Solnør og Honningdal, begge skogrike gardar med gode sagelvar. Honningdal kan ha vore drive i eininga frå 1500-talet til 1816, Solnør i alle fall frå 1721 til 1819, då garden kom i eiga til kaptein Ludvig Daae, som hadde fått store midlar ved inngifte i borgarætta Wind i Borgund. Garden er i ætta si eige den dag i dag.

  Frå Honningdal har borgarætta Honningdal namnet sitt; ætta Hagerup var ei grein av denne. Ein borgarson frå Honningdal, Hans Henning Rue Honningdal (1753-1838) budde elles som kanselliråd, justisråd og etatsråd i København, ugift og barnlaus. Stort høgare var det snautt råd å stige i den tids Danmark-Norge. Ein eldre slektning av kanselliråden, Knud Henrik Holtermann frå Brunholmen i Ålesund nådde elles like høgt i det dansk-norske embetshierarkiet, nemleg som høgsterettsdommar i København.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Ørskog, Sjøholt, Apalset, Langskipsøya I, Langskipsøya II og Langskipsøya III (Ørskog), Solnør med Dragsundet og Honningdal (Skodje).

  Ø R S K O G

 Vi kan truleg rekne med seks borgarsete i dette soknet: Langskipsøya med tre borgarsete, Apalset, Sjøholt og Ørskog. I første halvdelen av 1600-talet var Langskipsøya eller Langskipsholmen den viktigste trelasthamna på Sunnmøre. På Apalset finn vi frå andre halvdelen av dette århundret og til inngangen av 1800-talet kanskje den rikaste ætta på Sunnmøre, og eit av dei største handelshusa. På 1800-talet var det berre borgarsete på Sjøholt.

S K O D J E

 I Skodje sokn kjenner vi berre til to borgarsete, nemleg Honningdal og Solnør med Dragsundet. Soga deira er svært nært knytta til naboborgarsetea i Ørskog sokn, Langskipsøya og Apalset.

Sjå nærare om dei einskilde borgarseta under:

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s