Langskipsøya I

I løpet av 13 år i tidbolken 1606-24 kom 236 skuter til Sunnmøre for å hente trelast, til dels også andre varer. Av desse skutene vitja 94 Langskipsøya, 51 Sykkylvshamn, 15 Voldahamn og 14 Ørskoghamn. Resten vitja ymse andre hamner, i skipreida Dale, Valle, Vatne, Gryta, Borgund og Volda. Dei aller fleste skutene var hollandske, dessutan ein del skotske, engelske, tyske, franske, danske og norske skuter. Trelasthandelen på Sunnmøre var stort sett over kring 1640, men på Langskipsøya pågikk han truleg til nærare 1660. Av borgarar som selde trelast til skuter som låg ved Langskipsøya i 1620-åra kjenner vi desse: Hans Lauritzen Haderslev (Langskipsøya I), Peder Pedersen i Vegsund (Langskipsøya II), Jens Jull i Tranvågen, Jens Hanssen i Ålesund Innomsundet, Rasmus Lauritzsen Stud og kjøpsveinen hans, Mathis Hanssen (sjå Hanken), den avsette futen Lauritz Christensen og verbroren hans, Mogens Antoniussen, Lauritz Sørensen i Ålesund Innomsundet, Lauge Jenssen på Riksheim, Lauge Jespersen på Langskipsøya (III), Johan Bryssel i Bergen, Knud Jenssen på Gåsholmen samt Nils Pedersen i Nørvasundet.

  Ein av dei største trelasthandlarane var HANS LAURITZEN HADERSLEV, borgar av Bergen, som frå 1614-15 leigde ein grunn på Langskipsøya av krona. Denne grunnen sat han med, i det minste, til 1646-47. Han dreiv truleg trelasthandel her heile tida. Til ut i 1630-åra ser det også ut til at han budde her. I 1629 er han oppført her med heile 7 drengar. Frå før 1620 og utetter til 1630-åra verka Hans Lauritzen som ein slags «borgarmeister» for sunnmørsborgarskapet. Sjå meir om han under Steinvågen (II), dit han flytta frå Langskipsøya. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s