Årsund

I 1590-åra var Nils Hanssen Haar på Slyngstad lensmann i Gryta skipreide. Han må ha vore far til  HANS NILSSEN HAAR som i 1610 tok borgarskap i Bergen, og som seinast i 1615 var busett i Samfjorden, ved sundet som godt kan ha fått namn etter ætta hans, Årsund (Haarsund, halvemål: Årsund). Både i 1629 og 1633 er Hans oppført med éin dreng. 1657 er siste gongen eg har funne han nemnd. Eit anna namn på staden er Hansgarden, truleg etter Hans Nilssen Haar.

  Handelen i Årsund blei så mest truleg overtatt av Nils Hanssen frå Samfjorden som tok borgarskap i Bergen i 1672. Nils kan ikkje godt ha vore anna enn son av gamle Hans Nilssen Haar. Vi har ikkje prov for at NILS HANSSEN HAAR, som vi kan kalle han, verkeleg handla i Årsund, men vi har ikkje grunn til å tru det motsette. Lenge var han likevel ikkje verksam. Ingen borgarhandel seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s