Bjørkavollen

Seinast i 1648 budde ein borgar, TRULS NILSSEN, her. Han blei då stemnd av soknepresten Christopher Hiermand i Borgund for å ha sett opp hus på prestebordet sin grunn under garden utan løyve. Han skulle også ha skulda Hiermand for å ha lokka frå han ein tenestedreng. Truls møtte ikkje på tinget, men sende kona i staden, og ho sa då at han låg sjuk. Dette er einaste gongen vi høyrer om denne borgaren, som var frå Århus og tok borgarskap i Bergen i 1647. Ikkje utruleg var han bror til borgarane Søren Nilssen i Nørvasundet og Tyge Nilssen (Castberg) på Vågneset.

  I 1663 blei det halde ting på Bjørkavollen i samband med ei sak mot skreddaren Willum Jørgensen på Eikneset som hadde lurt nokre bønder til å smugle tjøre ombord i eit skip frå Rotterdam. Willum hadde fortalt bøndene at han handla på vegner av bergenskjøpmannen Henrik Jansen Wessel, far til den seinare borgaren på Hella og Brunholmen, Willum Henriksen Wessel. Seinare høyrer vi ikkje om handelsverksemd i dette stroket.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s