Borgarseta i Vatne, Haram og Vigra

I dette området, ytre og nøre Nordluten av Sunnmøre, kan det ha vore 17 borgarsete i drift gjennom tidene, men det einaste som blei drive samanhengande gjennom hundreåra var Drynesund i Vatne, som elles, og karakteristisk nok, er kjent som Borgardryna. I tida 1768-1862 dreiv ætta Danholm handelen der.

  Ein stor del av handelen i området fann stad i trelasttida, Skottetida og Hollendartida, på 1500- og 1600-talet. Då trelasthandelen tok slutt gikk mange borgarsete ut av soga for alltid. Det er kanskje overraskande at trelastnæringa var såpass viktig her, men opphavleg må det ha vore mykje skog i Vatne sokn og på det vi kan kalle Grytahalvøya.

  Haram og Vigra sokn låg elles lageleg til for både vårfiske etter torsk og sommarfiske (etter torsk og lange) på Storegga, noke som i utgangspunktet kunne vere grunnlag for etablering av borgarsete. Og mange prøvde, men dei fleste borgarspirane feila, kanskje mest på grunn av at hamnetilhøva var dårlege, men også fordi dei fleste som prøvde seg gjorde det då innsiget av gytande torsk var på eit lågmål.

  Ullahammaren på Haramsøya var elles eit av dei aller største fiskeværa på Sunnmøre, og på stordelen av 1800-talet hadde ætta Løeg frå Valderhaugstrand hand om handelen der.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Slyngstad, Eidsvika, Bjørkavollen, Hannibalsøya, Drynesund, Kalvevågen og Skorbreivik (Vatne), Årsund, Alvestad, Longva, Flem Ullahammaren, Rønstad og Lauka (Haram), Roald, Synesvold og Gjøsund (Vigra).

V A T N E

På 1600-talet sat det kremmarar både på Bjørkavollen, Hannibalsøya (Løvøya), i Kalvevågen, Skorbreivika og Drynesund, men berre den sistnemnde staden var liv laga som borgarsete til ut på 1800-talet. På 1500-talet kan det ha vore borgarsete på Slyngstad. Den etter måten store aktiviteten i handelslivet i Vatne i dei første tiåra av 1600-talet hadde helst samband med trelasthandelen, både lokalt og på Romsdal og Nordmøre. Dei tidlege kremmarane kan sjølve ha deltatt i denne handelen, og dei kan også ha drive annan handel med dei mange framande skutene som fann vegen gjennom farleia her for å hente trelast. Tidleg på 1800-talet blei det skipa eit gjestgiveri i Eidsvika.

H A R A M

Eg har registrert sju borgarsete i dette soknet, og dei skal presenterast i denne rekkefølga: Årsund, Alvestad, Longva, Flem, Ullahammaren, Lauka og Rønstad. Ingen av desse borgarseta fekk særleg langvarige tradisjonar; heller ikkje nådde noken av dei å bli store handelsstadar, kanskje med unntak av Ullahammaren på 1800-talet.

V I G R A

Berre tre borgarsete er kjende i dette soknet: Roald, Synesvold og Gjøsund, og ingen av dei sto ved lag særleg lenge. Etter at kremmaren på Synes døydde i 1734 var det ikkje heilårshandel på Vigra lenger. Men i fisketida kan det ha vore drive handel her, i det minste frå slutten av 1700-talet, då kremmarar i Borgund handla både på Roald og Synes. 

Nærare om dei einskilde borgarseta i Vatne, Haram og Vigra nedanfor.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s