Drynesund

Staden er også kalla Borgar-Dryna, no Drynjesundhaug. Den første kjende kremmaren, og kanskje den første som handla her, var JENS NILSSEN, kremmarson frå Vågnesholmen, som kan ha kome hit kring 1670. Seinast i 1675 var han daud, for då dreiv enka Boel Laugesdatter handelen. Jens Nilssen var helst borgar av Bergen, kanskje lik mannen av same namn som tok borgarskap i 1665 og som var fødd i Århus.

Kring 1675 tok HANS NILSSEN KNAG, futeson frå Holen (Vågnesholen) i Borgund, over både enka og handelen. Han hadde borgarskap i Bergen frå 1662, men det er uvisst kor han handla før han kom til Drynesund. Han døydde truleg berre etter eit par år her.

Kanskje allereie i 1678 ekta enka AAGE NILSSEN FIND, som kan ha vore son av Nils Gregersen i Søvik (sjå der). Aage var først borgar av Trondheim, men sa det opp i 1678, då han foregaf at være sindet sig for en Borger udi Bergen eller dessen District at needersette, der sin Lyche fremdeelis at søge. Han tok ikkje borgarskap i Bergen, men handla med samtykke av magistraten i byen, på vilkår av at han ikkje handla til skade for dei rette borgarane i distriktet. Aage Nilssen Find døydde i 1717.

Handelen låg så nede nokre år, til CHRISTOPHER MÜHLENPHORT, kjøpmannsson frå Litje Fosen, tok til å handle her i 1723. Mühlenphort søkte 22. desember 1722 amtmannen om løyve til å ta opp handelen her. I søknaden blei det gjengitt eit krav frå ålmugen i Vatne, som gikk ut på at een handelsmand og kremmerleye maatte holdes ved lige som alle tider tilforn hafde væren holden udj Drønnesund saa kaldet … for at afhandle deris vahrer, og da igien bekomme hvis de til fornødenhed erlanger. 11. januar 1723 blei søknaden innvilga. Kring 1730 flytta Mühlenphort til Bud, der han døydde som kremmar og gjestgivar i 1733.

I 1731 kjøpte BERENT ROGNELSEN LEEG Drynesund av Mühlenphort for 250 rd. Leeg var son av ein skinnkremmar i Bergen og ei datter av Søren Mikkelsen på Sørneset i Borgund. Han døydde etter måten velståande i 1741. På skiftet etter han same året blei aktiva sette til 1532 rd (m.a ei ganske gammal jekt sett til 130 rd og kjøpmannsvarer for 425 rd), passiva til 959 rd (stordelen av dette var skuld til bergenskjøpmenn).

Enka, Else Dortea Brinch, ekta så kring 1743 HANS STEPHENSEN POLS, kremmarson frå Bjørnsund i Romsdal, som straks tok til å handle her. Ættnamnet hadde han fått ved dåpen, og det var ei oppkalling etter presten i Bud. Pols døydde i 1749. På skiftet i 1750 blei aktiva sette til nær 3016 rd (m.a ei diger jekt på 34 lester sett til 200 rd, kjøpmannsvarer for 812 rd og uteståande krav på over 521 rd), passiva til 1074 rd. Handelsskatt 1744-48, enka 1749-50.

I 1751 ekta enka JOHAN ARNOLDUS HEIDE, son av ein oberstløytnant, som tok til å handle her same året. I 1749 heitte det om Drynesund at det var et gammelt kræmmersæde som kunne svare 12 rd årleg i staden for handelsskatt og konsumpsjon. Heide svarte handelsskatt 1751-67. På skiftet etter kona madamme Else Dortea i 1763 blei aktiva sette til nær 3557 rd, passiva til 2808 rd. Året etter blei det halde skifte etter andrekona hans, Maren Helene Morsing, og aktiva var då vel 1325 rd, passiva 827 rd. I 1767 flytta Heide til Vågneset i Borgund, der han heldt fram som storhandlar.

Neste kremmaren i Drynesund var FERDINAND ANTON DANHOLM frå Sjælland, som kjøpte borgarsetet i 1768 for 899 rd. Han hadde før vore kjøpmann i Kristiansund. Handelsskatt 1768-1804, enka 1805-07. På skiftet i 1807 blei eiga i buet hans sett til 4951 rd. Danholm hadde kongeleg kremmarløyve frå 1794 eller før. I 1785 heitte det om Drynesund:

Dette er et meget gammelt handelsstæd, beqvemt og fornødent baade nu og fremdeles. Stædet er vel bebygget og separeret 2 à 3 mile fra andre handelsstæder, hvorover en stoer deel almue søge derhen, ligesom og af nu værende ejer føres en betydelig og anseelig handel.

Frå 1808 dreiv sonen JOHAN CHRISTOPHER DANHOLM, før kremmar på Nørveneset i Borgund, handelen her. Handelsskatt 1808-40. Han døydde i 1844, nesten like rik som faren. Aktiva i buet var vel 5744 spd, passiva nær 1645 spd.

Etter han overtok sonen GEORG MARTIN DANHOLM, som svarte handelsskatt 1841-62. Han flytta så til Molde, der han var kjøpmann ei kort tid før han døydde i 1863.

Same året blei Drynesund overtatt av ELLING JOHAN OLSEN frå Bergen. Han svarte handelsskatt 1863-67, men handla her til 1873, då han døydde. Framleis i 1877 er han oppført som landhandlar i Drynesund, men det var enka som handla her i hans namn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s