Flem

Den første kremmaren vi kjenner til her heitte SØREN LAURITZEN. Han var frå Ribe i Danmark og tok borgarskap i Bergen i 1670. Då var han allereie busett her, for i borgarboka er han innført som Søfren Lauridsen Flem. Han levde enno i 1675, men var daud før 1682.

  I 1682 tok nemleg den førre tenaren hans, CHRISTEN NILSSEN, over både enka og handelen. I 1685 opplyste denne erlig och velacht mand at han ikkje hadde hafft nogen borgerschab videre end effter min formand sal. Søffren Lauridsøn, og at han no ikkje kunne svare skatt lenger, fordi, som han skreiv, Jeg boer her vde ved haffuet huor fischeriett nu gansche feill slaa, och i synderlighed paa dette sted, saa ieg nerrer mig alleneste aff en liden jord. Dette kunne ålmugen stadfeste, og opplyste elles at

 

… hans kiøbmand i Bergen forleden sommer bemegtiget sig alt huis gods som hand førde til Bergen, och hand derimod iche bekom det ringeste igien fra kiøbmanden saa hans jegt kom tom hiemb fra Bergen och hand siden slet indtet haffuer hafft nogen handlingsbrug eller kiøbmandschab vdi aller ringeste maader.

 

Truleg hadde ulukkene råka Christen like hardt som det blei hevda, for han er ikkje nemnd som kremmar seinare. I 1704 er han omtala som en gammel forarmed borger … fød i Dannemarck, boer paa Flem – gammel 58 aar. Han hadde då ein son, Søren Christensen, på 18 år.

  Så høyrer vi ikkje om handel her før i 1759, då COMPAGNIET MOSES & LESLIE (John Moses & Co) i Kristiansund fekk bygsle grunn i Støvågen for å føre opp ei stove og ei sjøbu på; samtidig bygsla dei holmane og berga. Dei dreiv vel så handel nokre år, truleg ved hjelp av kjøpsveinane sine i Ålesund. Vi veit ikkje kor lenge denne handelen blei driven.

  Seinast frå 1803 dreiv så kremmaren på Hella i Ålesund, NICOLAI ULRICH WINGAARD, handel her; handelsskatt 1803-13. Truleg var det berre drift under vårfisket. Seinare ingen handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s