Gjøsund

Allereie i 1626 var det eit strandsete under Gjøsund som svarte 1 pund fisk i leige til Giske. Kven som budde her då er ukjent, men i 1629 er borgaren «Ener» nemnd her. Han var truleg lik EINAR JONSEN frå Sunnmøre, kanskje bondeson frå Eidsvika, som tok borgarskap i Bergen 1629. Han budde her enno i 1633, men seinare kan han ha flytta sør til Ålesund, der han etter alt å døme budde på Nordigård, på den staden som seinare, og enno, heiter Einarvika.

  Seinast i 1636 var ein ny mann komen hit, ZAKARIAS, som i det minste budde her til 1651. Han var kanskje lik sunnmøringen Zakarias Robertsen som tok borgarskap i Bergen i 1618. Også i 1661 var strandsetet i bruk, men vi veit ikkje kven som budde her. I 1666 er det ført to husmenn under Gjøsund, Rasmus og Peder, men det er ikkje kjent om noken av desse brukte handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s