Hannibalsøyra

I 1595 tok HANNIBAL JENSSEN borgarskap i Bergen, og i 1598 er han nemnd som lagrettesmann i Vatne skipreide. Hannibal var son av Jens Nilsson Skrivar, giskefut til 1577, som seinare budde på Gjelsten i Romsdal, og ei datter av hustru Magdalena Tørrisdatter og Jon Tomasson, borgarmeister i Bergen. Hannibalsøya i Vatnefjorden, no Løvøya, har namn etter Hannibal, som må ha drive handel med trelast her. Noke seinare budde han på Gjelsten, der han også var trelasthandlar. På hollandske sjøkart er Gjelstenbukta kalla Hannibals Bay.      

  Det yngre namnet på Hannibalsøya, Løvøya, har inkje med lauv å gjere, men skriv seg derimot frå han som brukte øya på slutten av 1600-talet og heitte Løve. Han hadde sonen Peder Løvesen, som i 1704 var 43 år gammal og Skaffuer: skysskaffar. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s