Kalvevågen

I 1613 bygsla NILS SIMONSEN BRUSE strandsetet Kalffueuog og ein part i Skor. Kalvevågen låg truleg ved Skor ein stad. Det har vore gjetta på at staden var lik vågen nordaust om Drynesundet, og såleis ein forløpar til borgarsetet der, men dette er mindre rimeleg sidan Nils Simonsen budde på Skor. Nils var fødd i Vendelbo og tok borgarskap i Bergen i 1613. Frå 1621 og utetter til kring 1630 var han lensmann i Vatne skipreide. Det var svært uvanleg at danskar hadde lensmannsombod på denne tida. Ettermannen hans i lensmannsombodet var Thomas Pedersen i Skorbreivika, som også var dansk. Borgarsetet Kalvevågen er ikkje nemnt etter Nils Simonsen Bruse si tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s