Lauka

I 1779 kjøpte JOHANNES THIM BAMBERG, kjøpmann på Molde og truleg dansk, øya for 390 rd for å sette i gang med handel. I 1782 fekk han kongeleg kremmarløyve, men enno i 1785 var det ikkje blitt noke sving på handelen. Futen skreiv då:

Dette stæd har været en bondegaard, men for nogle aar siden blev denne gaard som ej tilforn havde været handelsstæd, kiøbt og bebygget af nuværende ejer, som og derpaa erholdt Kongl: privilegium som land-kræmmer. Men ejeren har hidtil mig bekiendt, der paa stædet ingen handel ført ej heller derfor erlagt noget til Kongens cassa. Hvorover dette stæd synes ikkun (saa længe ejeren ej er i stand at fournere det med det almuen behøver) at være andre meere berettigede handelsstæder til fornærmelse, da almuen intet der kan erholde og ejeren som boende i Molde hvor han holder dug og disk, der fører alleene borgerlig næring.

Bamberg svarte aldri handelsskatt.

I 1788 selde han borgarsetet for 1299 rd til EMANUEL FREDRIK ROSE, presteson frå Suldal i Ryfylke, som hadde tatt til å handle her året før. Han svarte handelsskatt 1787-99 og fekk kongeleg kremmarløyve i 1796. Han gikk konkurs i 1799 eller 1800. I 1801 budde han på Kjerstad og blei då karakterisert som ein uheldig handelsmand.

I 1800 fekk CHRISTEN WINDING BAADE, presteson frå Borgund, auksjonsskøyte på Lauka for 1002 daler. Han svarte handelsskatt 1800-01. Han flytta så til Korsen i Ålesund, der han også dreiv handel. Seinare ingen handel på Lauka.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s