Longva

Etter oppgåver frå 1782 dreiv 25 åtttringar utror frå Longva utanom dei fem åttringane som høyrde heime på garden. Desse 30 storbåtane kravde eit mannskap på 240; ein større fiskarmuge var ikkje samla i noken av dei andre fiskeværa på Sunnmøre utanom Ålesund. Denne fiskarflokken utgjorde ein god marknad for folk som hadde drikkevarer å selje. I 1789-90 høyrer vi at nokre kremmarar frå Borgund dreiv brennevinshandel her.

  Det gjaldt for det første ein Sivert Flisholm, som truleg handla på vegner av kremmaren JACOB SIVERTSEN på Flisholmen. Vi veit ikkje kor lenge denne handelen hadde vore driven, heller ikkje om han heldt fram etter 1790.

  For det andre gjaldt det ANDREAS LUTH på Nørveneset. Han hadde for 5 aar siden opsat et kroehuus på grunnen til ein av bøndene på Longva, heitte det i 1789. Longvabonden hadde prøvd å få krohuset fjerna, men utan hell. Eg manglar fleire opplysningar om denne handelen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s