Roald

PEDER JENSSEN, borgar av Bergen, handla her frå 1632-33 til 1637. Han var mest truleg lik den  Peder Jenssen Beck frå Ebeltoft som tok borgarskap i Bergen i 1628, eventuelt holsteinaren Peder Jenssen som tok borgarskap i 1633.

  Etter Peder Jenssen overtok JOHAN WILLUMSEN, borgar i Hannsund, handelen på Roald, som han må ha drive ved ein kjøpsvein. Johan Willumsen dreiv til 1641, enka til 1642.

  Då overtok sonen BERENT JOHANSEN. Han hadde borgarskap i Bergen frå 1641 og budde på Roald i det minste til 1653. Seinare flytta han til Hannsund. Kanskje handla han på Roald også etter at han busette seg i Hannsund.

  Seinare høyrer vi ikkje om handel før i 1679, då borgaren Henrik Stadtzen Østerich i Steinvågen på vegner av magistraten i Bergen braut opp husa til OLUF SIVERTSEN TUSSE og kverrsette varelageret. Oluf var frå 1678 premierløytnant ved Sunnmørske kompani, frå 1680 sekondøytnant ved Sognske kompani og i 1683 kaptein og kommandant på Basmo skanse. Det var kona hans, Maren Hansdatter, som hadde stått for handelen. Løytnanten ville ikkje finne seg i kverrsettinga og gikk til sak mot Henrik Stadtzen og borgarane Hans Eriksen Wingaard på Laberget og Jon Jonsen Meen i Bjørnsgard, som hadde vore med på aksjonen. I retten hevda Oluf at handelen som kona dreiv var både lovleg og naudsynt, noke bøndene på Vigra stadfesta. Oluf budde på Roald frå 1674 til 1680, då han flytta til Sogn.

  Ein LARS PEDERSEN ROALD budde her seinast frå 1712 til han døydde i 1723. Han leigde jekt av andre og dreiv truleg handel ei tid. Han var gift inn i preste- og borgarætta Glad.

  Så høyrer vi ikkje om handel på Roald før i 1790, då kremmaren Heide i Borgund, truleg ARENT NICOLAI HEIDE på Vågnesholmen, dreiv brennevinshandel frå eit krohus her, på kirka sin grunn. Dette likte soknepresten dårleg, og han klaga til futen og kravde at kroa måtte fjernast. Vi veit ikkje korleis det gikk med denne saka, heller ikkje om det blei drive handel her seinare.

  Frå kring 1820 budde GABRIEL NICOLAI THEE, kjøpmannsson frå Bergen, som proprietær på Roald, men han hadde i tida 1811-20 vore kremmar på Balholm i Sogn, så det er ikkje utenkeleg at han heldt fram med handelsverksemd på Roald ei tid, rett nok utan å svare handelsskatt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s