Skorbreivika

Mellom borgarane som blei bøtlagde for ulovleg utliggarhandel i Nordluten av Sunnmøre 1606-07, var ein Matz Sur. Denne MADS JENSSEN SUR budde truleg allereie då i Breivika, som han festa seinast i 1609. Frå 1618 leigde han også husmannssetet Ura. Han brukte så begge plassane til kring 1638. Mads var mest truleg lik den Mathis Sur som tok borgarskap som bartskjær i Bergen i 1589, og som kanskje budde i Bergen enno i 1608. Mads hadde ein son, Jacob Madssen Sur, som midt i 1630-åra blei dømd for tjuveri i lag med ein kar frå Ertresvåg. Mads hjalp dei til å rømme, ga dei ein båt, og for dette laut han bøte 6 daler, som han betalte med 2,5 tønner uforuarit sild; på vegner av sonen bøtte han 30 rd. Seinare høyrer vi ikkje meir om desse folka.

  Neste borgaren her var THOMAS PEDERSEN, lensmann i Vatne skipreide etter Nils Bruse og like til 1680, i kring 50 år. I 1638 festa han Skorbreivika i lag med Steffen Knudsen på Skor, der også Thomas ser ut til å ha budd då. Frå sist i 1630-åra ser det ut til at han budde i Skorbreivika. Truleg var han lik den Thommis Pettersen frå Ringsherred i Danmark som tok borgarskap i Bergen i 1633 og som same året er nemnd på Sunnmøre. Ved eit mistak nekta han i 1649 å skysse lensherren i Nordlanda, og ei tid var han ille ute på grunn av dette. Saka endte likevel med at han fekk behalde både hals og haud, og lensmannsombodet attpå.

  Lensmann i Vatne etter Thomas Pedersen var Ole Anderssen i Skorbreivika. Han ser ikkje ut til å ha drive borgarnæring.

  Ei datter av Ole Anderssen ekta i 1718 CHRISTOPHER KNUDSEN GIERING, som tok ættnamn frå fødestaden sin, Gjerdet i Spjelkavik, og som var lensmann i Vatne skipreide frå omlag same tid.  I 1725 stadfesta amtmannen futen si tilsetting av Christopher som lensmann og ga han samtidig løyve til at holde gastgiæberi for de rejsende paa hans paaboende gaard Schaarbredvig i kraft av ei forordning frå 1719. Christopher tok ikkje i bruk namnet Giering før kring 1740. I 1721 blei han gift andre gongen med kremmardatra Maren Molberg frå Taskeberget og i 1740 tredje gongen med Anna Axelsdatter Rasch, en pige af Nordland, truleg søster av futen Nils Peter Rasch i Lofoten og Vesterålen. Christopher levde til 1772. Han svarte aldri handelsskatt. Etter hans tid ser det ikkje ut til å ha vore drive handel her. Ein son av tredje ekteskapet, Nils Rasch, tok over garden etter faren. Han var gift med kremmardatra Ingeborg Maria Brenniche frå Sørneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s