Synesvold

Den første kremmaren vi kjenner til på staden er PETER CLAUSSEN SAXDORF, som i alle fall budde her frå kring 1700, men som også kan ha budd her i 1670- og 80-åra. Han var frå Saxdorf i Holstein og tok borgarskap i Bergen i 1669. Seinast i 1679 budde han på Sunnmøre, kanskje på Vigra, kanskje i Borgund. I det minste 1691-97 handla han på Sandsberget. I 1701 heitte det at han hadde brugt borgerlig nering, men nu en bundejord, forarmet. Han var  då 67 år gammal. Peter Claussen levde enno i 1705. Noke etter må han ha døydd.

  I 1708 ga Nils Pedersen Assens på Grimmergård i Ålesund skøyte til HENRIK HENRIKSEN HOLTERMANN paa Peter Claussens paa Synes bestaaende borgerhuuse, med bord, benche og hvad videre der ved findes og nefnes kand for 80 rd. Assens hadde mest truleg fått utlagt desse husa på skiftet etter Peter Claussen. Holtermann tok borgarskap i Bergen i 1706 og handla truleg frå 1708 på Brunholmen i Ålesund. Han budde ikkje på Synesvold.

  I 1711 selde Holtermann husa til NILS HANSSEN STOKBERG, kremmarson frå Vågnesholmen, som hadde tatt til å handle her i 1710. Kring 1715 flytta han tilbake til Vågnesholmen og tok over handelen der.

  Neste kremmaren på Synesvold var JENS JONSEN, bondeson frå Austnes på Haramsøya. I 1704 heitte det at Jens hadde tarmsløb, og i 1711 fekk han tingsvitne på at hand af natturen er saa svag, at hand huerchen er god for at tiene hos en mand ved bondebrug eller self at antage gaardsbrug og bondeaufling. I staden ville han slå seg på kjøpmannskap og søke om stedets øfrigheds tilladelse til at bruge en liden handel med at kiøbe nogle voger fisk og andet dislige undertiden. Vi kjenner ikkje til om han fekk eit slikt løyve, men i 1715 bygsla han i alle fall den kiøbmandsplatz Synes som Nils Stokberg tilforn brugte, og i 1718 fekk han skøyte av Stokberg på de borgerhuuse staaende paa Synes. Han dreiv så ein liten handel til han døydde i 1734. Han etterlet seg 373 rd (han åtte ikkje jekt, men derimot eit jektenaust samt mange og gode hus verde 131,5 rd) og inga skuld. Dette var små midlar for ein borgar, men respektabelt for ein bonde.

  Etter denne tid høyrer vi ikkje om handel på Synes før i 1791, då soknepresten Nicoll opplyste at mons:r Meklenborg i Vegsund hadde seld drikkevarer frå ei stove på Synes i mange år. Det dreidde seg om HANS JACOB MECHLENBURG. Presten hadde undra seg over kva for rett Mechlenburg kunne ha til å drive slik handel, men hadde ikkje fått noke svar då han spurde. Store folk maa dog have meget at betyde, var presten sin kommentar. Mechlenburg svarte aldri skatt av handelen sin på Synes.

  Det gjorde derimot sonen hans, IVER FREDRIK MECHLENBURG, kremmar i Vegsund, nemleg i tidbolken 1806-31. Han handla her truleg berre under vårfisket. Seinare høyrer vi ikkje meir om borgarhandel på Synes.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s