Ullahammaren

På 1700- og 1800-talet var Ulla ein av dei største utrorsstadane på Sunnmøre under vårfisket. I 1758 kom garden i eiga til tollaren THOMAS LOW PREUS. I 1763 tok han borgarskap som kjøpmann i Bergen, der han budde. I 1767 selde han Ulla til brukarane, men heldt att rorbugrunnen og nekta dei nye eigarane å hyse folk under vårfisket. Preus bygde så rorbuer i Ullahammaren og leigde dei ut på harde vilkår, heiter det i Haramssoga.

  Ikkje lenge etter, seinast i 1778, hadde kremmarane OLE HONNINGDAL i Honningdal og HANS JACOB KLÜWER på Brunholmen fått innpass her, truleg både som væreigarar og handelsmenn.

  I 1789 kjøpte kremmarane EDVARD HAMMOND i Honningdal og PETER WESSEL WIND den delen av fiskeværet som Ole Honningdal hadde rådd for. Dei dreiv nok også handel her, men uvisst kor lenge.

  Klüwer-delen blei frå 1779 brukt av enka hans, SUSANNE CATHRINE DORNICH, som heldt ein kjøpsvein her. I 1801 heitte han PEDER JONSEN ØIE, ein bondeson frå Vartdal som var gift med brordattera til enka på Brunholmen. Øie tok over handelen på Ullahammaren i 1802, og busette seg her. Handelsskatt 1802-10; i 1803 fekk han kongeleg kremmarløyve, som han sa opp i 1810.

  Handelen låg så kanskje nede nokre år, til 1819, då ELIAS RØNNEBERG, kremmar på Laberget III, tok til å svare handelsskatt av Ullahammaren. Vi kjenner ikkje til kven han heldt som kjøpsvein her. Rønneberg svarte handelsskatt ut 1836.

  Året etter var INGEBRIGT NØRVE LØEG, kremmarson frå Valderhaugstrand, blitt kremmar her, truleg fastbuande. Han svarte handelsskatt 1837-61. Han døydde i 1862.

  I 1863 tok brorsonen hans, HANS HENRIK LØEG, også kremmarson frå Valderhaugstrand, over handelen i lag med WEBJØRN KNUDSEN SVENDSEN, kremmarson frå Gamlem.

  Då Løeg døydde i 1865 trådde bror hans, JOHAN HERMAN LØEG, inn i staden hans. Føretaket gikk konkurs i 1871. Faren til Løeg-brørne, Andreas Løeg på Valderhaugstrand, ser så ut til å ha tatt over borgarsetet. I 1872 leigde han vekk halvdelen av eigedomen til Jacob Helmers & Sønner i Bergen. Resten blei brukt av sonen Johan Herman Løeg og versonen Joachim Holtermann Methlie, som må ha handla her på vegner av gamle Løeg. Då han døydde i 1882 fekk Peter Meldahl leige ein del av borgarsetet for tre år. I 1890 var heile Ullahammaren komen i eiga til Aalesunds Sparebank, som til fånyttes forsøkte å leige vekk staden. Det endte med at bygningane blei selde einskildvis.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s