Bjørkavågen

Det opphavlege namnet på garden var Galtevågen. Anders Hanssen Møller, futen på Sunnmøre, brukte garden fra 1691 til han døydde i 1707. Han døypte om garden til Birkevaag, som seinare er blitt fornorska til det uhistoriske Bjørkavågen.

  Sonen HANS MØLLER overtok garden og handla kanskje her ei tid før han kjøpte borgarsetet i Hanken. I 1720-åra selde Møller garden til søstera Elisabet.

  I 1747 selde ho vidare til OLE ALSING, fut på Sunnmøre fra 1743. Alsing var i første ekteskapet sitt verson av storkjøpmannen Hans Hornemann i Trondheim og dreiv samhandel med han. Alsing svarte handelsskatt i Borgund i 1747 og 1749, i Vatne i 1751 og atter i Borgund 1753-60. Fra 1758 er han titulert kammerråd. Alsing hadde store økonomiske interesser i Romsdal, der han m.a bygde jernverket i Osen, og han flytta i 1760-åra til Vestnes gard og busette seg der. Elles var han ille likt på Sunnmøre, både mellom bønder, borgarar og embetsmenn, så Ole Alsing hadde også andre gode grunnar til å flytte. Ingen privilegert handel her seinare.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s