Borgarseta i Borgund

På Sunnmøre utanom Borgund sokn var det minst 124 borgarsete i tida 1570-1870, men i Borgund åleine minst 72, nær 40 % av alle. I høve til folkemengda var ingen område på Sunnmøre så rikt på borgarar som Borgund, og berre i Borgund vaks det fram bylike tettstadar, strandstadar, jamvel fire: Langevågen, Nørvasundet, Ålesund og Valderhaug.

  Kring 1630 må Ålesund ha vore som ein by, men då trelasthandelen og torskefisket opphøyrte i 1640-åra blei Ålesund redusert til ein strandstad mellom fleire. Vel hundre år seinare blei det nytt liv i Ålesund, men også denne byutviklinga stogga, truleg mest på grunn av sviktande fiske. Først i 1830-åra kom den samanhengande og varige byutviklinga i gang i Ålesund.

  Omtrent til ei kvar tid budde halvdelen av sunnmørsborgarane i Borgund, oftast 20-25. Dersom dei hadde budd samla, skreiv Hans Strøm i 1766, kunde de alene udgiøre en liden Dorp eller Kiøbstæd.

  Borgarseta i soknet blir presenterte i seks bolkar: 11 Vegsundet, 12 Langevågen, 13 Nørvasundet, 14 Ålesund Innomsundet, 15 Ålesund Utomsundet og 16 Giske, Valderhaug og resten.

 

 

V E G S U N D E T

Dette området omfattar det vi kan kalle «det lange Vegsundet» fra Flisfjorden i aust til Langevågen i vest. Dessutan blir Spjelkavik rekna med her. Det eldste og mest varige borgarsetet i området var Vegsund, der store og mektige borgarætter heldt til gjennom hundreåra, som Høgh og Mechlenburg.

  Store borgarsete på 1600-talet var Spjelkavik og Hanken, som også var viktige trelasthamner. Fra Hanken blei elles det digre Giskegodset styrt på denne tida av ættene Stud og Smit. Eit minne om denne stordommen er segnene om Margrete i Hanken, eller Frua i Hanken, Margrete Rasmusdatter Stud. Spjelkvik var bustad for både borgarar og embetsmenn, men som borgarsete var det ute med staden på 1700-talet.

  Sist på 1600-talet kom Galtevågen, seinare Bjørkavågen, og Djuvika opp som embetsmanns- og borgarsete. Mektige og særmerkte menn som sunnmørsfuten og storkjøpmannen Ole Alsing og sorenskrivaren Melchior Falch budde her.

  Borgarseta blir rekna opp i denne rekkefølga: Flisholmen, Vegsund, Spjelkavik, Veibust, Sunde, Bjørkavågen, Korsneset, Tranvågen, Hanken, Humla, Humlekavlen og Djuvika. 

Sjå under nærare om det einskilde borgarseata

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s