Djuvika

1625-30 brukte sorenskrivaren Peder Jenssen garden, 1630-36 den avsette futen Jens Davidsen. Så var ein Lars brukar like til kring 1680, då kaptein Fredrik von Badenhaupt kjøpte garden.

  I 1685 selde enka garden til HANS FRANTZEN STOKBERG, borgar på Vågnesholmen, som flytta hit i 1691. Han dreiv tvillaust handel ei tid kring 1700, men i 1718 fekk han tingsvitne på at han ikkje hadde handla her sidan han flytta fra Vågnesholmen, men dette treng vi ikkje legge vekt på. Dattera Mein Stokberg, enke etter Henrik Holtermann på Brunholmen, kjøpte garden i 1729 og busette seg her, men utan å drive handel, ser det ut til.

  Sonen HANS HENRIKSEN HOLTERMANN tok truleg til å handle her midt i 1730-åra (i 1742 er det opplyst at han hadde handla i 7 år). I 1747 eller 1746 busette han seg på Molde som kjøpmann. I 1760 kjøpte han herregarden Austråt og flytta dit. Fra Molde dreiv han handel både på Tyskholmen og Giskegard.

  Allereie i 1745 var Djuvika seld til JØRGEN JØRGENSEN HØGH, borgarson fra Vegsund, som flytta hit då Holtermann fór. Han svarte handelsskatt 1749-55, enka 1756. Det var berre så vidt buet til Høgh bar seg, men det var store summar det dreidde seg om (over 5000 rd på begge sider). I 1749 blei det oppgitt at det kunne svarast 12 rd årleg i staden for konsumpsjon og handelsskatt av Djuvika.

  I 1759 kjøpte sorenskrivar MELCHIOR FALCH garden. Også han handla her; handelsskatt 1759-62. I 1780 selde han til sorenskrivar Johan Lausen Bull, som kan ha budd her til 1789.

  Dette året selde Bull til HENNING MARTIN ABELSET, presteson fra Haram. Abelset fekk kongeleg kremmarløyve i 1789 og svarte handelsskatt 1793-98. Han døydde det siste året, fallitt. Futen Ole Christian Bull kjøpte så garden.

  I 1810 kjøpte haugianaren LARS NORE, bondeson fra Sønsteby, Uvdal i Numedal, garden. Nore fekk kongeleg kremmarløyve i 1811 og svarte handelsskatt 1811-30, enka 1831-37. Dei handla også på Hattholmen.

  Den som helst dreiv handelen fra Lars Nore døydde i 1829 var versonen ARNE SVENDSEN, haugianar og kremmarson fra Ørstavik, som døydde i 1835.

  Enka etter han ekta i 1837 TORKILD GUNDERSEN fra Sønstegard, Nore i Numedal. Han svarte handelsskatt 1838-48 (somme av åra er Lars Nores enke oppført i skattemanntalet). Seinare ingen privilegert handel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s