Flisholmen

Hans Pettersen Høgh, kremmarson fra Skuggen, flytta hit i 1757 etter å ha budd på Sunde nokre år. Det ser ikkje ut til at han dreiv handel. Han kjøpte holmen i 1771, men flytta like etter til Emlem.

  I 1775 selde Høgh Flisholmen til JACOB SIVERTSEN KLOKK, bondeson fra Ramstaddalen, no i Sykkylven, som hadde tatt til å handle her året før. Handelsskatt 1774-89, enka 1790-92. Mannen døydde i 1790. I 1785 heitte det om Flisholmen:

 

For 10 à 12 aar siden har ejeren kiøbt og bebygget dette stæd, hvor han fører en liden handel. Stædet er ej ubeqvemt, da en haard fiord ofte foraarsager [at] de rejsende her maa søge herberge og pleje, men naar ejeren af  Vegsund, som ej langt fraliggende, fremdeles var i stand at fuldføre den handel som her udkræves, kunne dette stæd ej saa aldeles fornødiges.

 

Flisfjorden, dette farlege sjøstykket, gjorde Flisholmen naudsynt som handelsstad, om så Vegsund, det eldgamle borgarsetet like ved, skulle ha rangen.

  I 1793 tok ein bondeson fra Vika i Norddal,  INGEBRIGT MURIE eller NORDAHL, til å handle her. Han hadde før vore bonde på Muri i Valldalen, Norddal. Han kjøpte holmen og kremmararsetet i 1794 for 910 rd; i 1796 fekk han kongeleg kremmarløyve. Handelsskatt 1793-1827. Han døydde i 1828.

  Versonen, ELLING OLSEN FINNES, bondeson fra Hjørundfjord, dreiv truleg handelen her fra kring 1814 til han døydde i 1821.

  OLE OLSEN DEVOLD fra Devold i Romsdalen, og bror til Nils Devold på Olsplass i Ålesund, kjøpte staden på auksjonen etter Ingebrigt Nordahl i 1828. Etter Borgundboka skal Devold ha drive handel her, men han svarte aldri handelsskatt. Devold flytta til Ålesund i 1845.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s