Hanken

I 1612 skipa bergensskuta Røde løve ut 200 tylvter sagbord herfra. Dette er det første vi høyrer om handel i Hanken. Mest truleg var det allereie då den mangfaldige RASMUS LAURITZEN STUD, kjøpmannsson fra Fåborg, som hadde hand om handelen her. I 1607-10 var han fut i Stavanger len. Fra 1612 var han byfut i Bergen, der han tok borgarskap i 1619. I 1613-42 var han rådmann i byen og 1642-50 borgarmeister. Fra før 1617 var han ombodsmann for Rosenkrantzgodset, som for ein stor del låg på Sunnmøre, fra 1623 også for Giskegodset. 1621-35 var han dessutan tollmeister i Bergenhus len. Han åtte også eit stort privat jordegods. Hovedtyngda av dei økonomiske interessene hans var knytta til Sunnmøre, og det er god grunn til å tru at han heldt seg i futedømet stordelen av året, i alle fall før han blei borgarmeister i Bergen. På Sunnmøre dreiv han trelasthandel i stor stil  og truleg også annan handel. På Hankeneset heldt han kjøpsveinar, og vi kjenner dei følgande:

  LAUGE JENSSEN, seinare på Riksheim, MATHIS HANSSEN, seinare i Spjekavik, handla for Rasmus fra kring 1620 og utetter i vel 20 år, SØREN MIKKELSEN, seinare kremmar på Sørneset, handla her i slutten av 1640-åra i lag med JACOB JENSSEN RIBER, som seinare handla i Øysteinsvika i Ålesund. Kring 1650 var ANDERS HANSSEN, seinare truleg kremmar i Steinvågen, kjøpsvein her.

  Versonen til Rasmus Lauritzen Stud, HENNING HANSSEN SMIT, kjøpmannsson fra Tønder, tok over handelen og stillinga som ombodsmann for Giskegodset etter verfaren. Henning Hanssen var rådmann i Bergen fra 1657 til han døydde i 1664. Han budde etter alt å døme i Hanken; Giskegard brukte han som avlsgard.

  MARGRETE RASMUSDATTER STUD, enka etter Henning Hanssen, dreiv så handelen til kring 1680, då ho ekta magnaten Christopher Pedersen Hiermand, sokneprest i Borgund og prost på Sunnmøre. Margrete må ha gjort inntrykk på omverda, for det oppsto fleire segner om «Margrete i Hanken», som ho blei heitande på folkemunne.

  Fra kring 1680 dreiv sonen hennar, CHRISTEN HENNINGSEN SMIT, handelen her. Han budde i Bergen, der han var rådmann 1684-1701 og borgarmeister 1701-03. Av kjøpsveinane hans kjenner vi TYGE DAVIDSEN, seinare kremmar på Gåsholmen, som var her i stordelen av 1690-åra. I 1701 heitte kjøpsveinane NILS THORSEN SMID og HANS GREGORSEN, den førstnemnde kanskje ein slektning, den sistnemnde fra Fiskarstranda.

  Den neste kjøpsveinen var JENS ERIKSEN GRAN, løytnantson fra Nordfjord og av Stud-ætta på morssida. Gran overtok Hanken som sjølvstendig kremmar då Christen Henningsen Smit døydde i 1703. Han var gift med ei datter av Søren Mikkelsen på Sørneset, ein tidlegare kjøpsvein her; ho hadde før vore gift med sorenskrivar Jacob Mathissen Ebeltoft, kanskje son av den ovannemnde kjøpsveinen Mathis Hanssen. Jens Gran var seinast i 1710 flytta til Molde, der han var kjøpmann; sidan kjøpmann i Litje Fosen (Kristiansund).

  Handelen ser så ut til å ha lege nede til 1719, då HANS MØLLER, son av futen Møller, bygsla borgarsetet her på vilkår av at han sette det i fuldkommen brug og stand igien lige som den før haver været. I 1725 kjøpte han Borgund kirke for 672 rd. Møller sjølv budde i Bjørkavågen, men dreiv truleg handelen her til han døydde i 1734 som ein grunnrik mann (nettoen i dødsbuet hans var på over 8500 rd). Seinare ingen handel her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s