Humlekalven

Her kan ha vore borgarsete lenge før 1685, då JENS MORTENSEN KNAG, som før hadde tent Margrete i Hanken og andremannen hennar Christopher Hiermand, bygsla holmen. Jens Mortensen budde på lag fra same tid på Indre Fauske i Sykkylven. Fauskejyden, som han blei kalla, dreiv truleg utror fra Humlekavlen og kanskje også sesonghandel her. Ettermennene til Jens Mortensen på Fauske åtte Humlekavlen heilt til 1786. Dei ser ikkje ut til å ha handla her, men det er vel truleg at dei brukte holmen som fiskevær.

  Kjøparen i 1786 var JACOB SIVERTSEN, kremmar på Flisholmen, som nok handla her i fisketida. Seinare overtok INGEBRIGT NORDAHL eller MURIE, også kremmar på Flisholmen, Humlekavlen.

  Ved arv kom holmen i 1844 i eiga til kremmaren LARS THOMMESEN i Tusvika, som likeeins kan ha handla her i fisketida. Det kan også tenkast at versonen til Thommesen, CARL LUDVIG LIED, også kremmar i Tusvika, handla her til sist i 1860-åra. Thommessen selde Humlekavlen til dattersonen Hans Lauritz Flindt i 1873 for 100 spesiedaler.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s