Korsneset

I 1620 kalla Skotteneset. Den første kremmaren vi kjenner til her heitte SØREN. Han var borgar av Bergen og er nemnd første gongen i 1606-07, då han bøtte for å ha handla på Sunnmøre i ulovlege tider. Farsnamnet hans er ikkje kjent, heller ikkje året då han tok borgarskap. I 1619 vitna han i lag med Lauge Jenssen på Riksheim om futen Lauritz Christensen sin ulovlege handel. Seinare høyrer vi ikkje meir om han. Sidan Korsneset alt i 1620 blei kalla Skotteneset er det rimeleg at ein skotte hadde handla her før Søren, som heller var dansk enn skotsk. Kanskje var Søren gift med enka etter skotten og såleis kanskje stefar til «skotten» som handla her etter han.

  WILLUM DAVIDSEN HAY (Skott) kom hit truleg kring 1620. Han var kanskje lik den Willum Davidsen fra Orknøyane som tok borgarskap i Bergen i 1619. I 1612-13 var Willum Hay håsete på jekta som førte kongen sine landskyldvarer til Bergen; styremann på jekta var Jacob Olsen Skott i Vik på Ellingsøya, kanskje ein slektning. I 1629-30 blei Willum Davidsen, då med tilnamnet Tranvog, bøtlagd for å ha vore til sengs med festarmøya si, som heitte Synneve, nett det same som enka etter den nyst avlidne borgaren Jens Jull i Tranvågen. Willum Davidsen døydde kring 1670. Dei siste 30-35 åra han levde ser han ikkje ut til å ha drive handel. Sonen David Willumsen overtok plassen etter faren, men kan ikkje ha drive handel. Enka etter han blei gift med David Ottesen fra Fiskarstranda, som heller ikkje handla her.

  Kring 1750 kom det så atter ein kremmar hit, nemleg ANDREAS THORSBERG, ukjent opphav (namnet stundom skrive Tansberg, sjå Langlo), som svarte handelsskatt 1751-56. Han døydde i 1757, fallitt. Aktiva i buet var nær 977 rd, men nedsett til 724 rd etter auksjon; passiva var snautt 1166 rd.

  I 1759 kom CHRISTEN PEDERSEN GENSBERG (sjå Haugsholmen) til Korsneset, og i 1761 ekta han enka etter Thorsberg. Gensberg tok borgarskap som skipper i Bergen i 1741. Han handla nok på Korsneset, men svarte ikkje handelsskatt, kanskje fordi han var borgar av Bergen. Han og kona budde på Laberget i 1762 og denne velbemeldte Gensberg var då en fattig og uformuende Mand. Han døydde i Bergen i 1766.

  I 1762 overtok ISAK ANDERSSEN UHRIE Korsneset. Han var sersjantson fra Eid i Nordfjord. Av profesjon var han skreddar, men dreiv også handel, utan å svare handelsskatt. Då han døydde i 1767 overtok enka, Henningia Knivsberg, kremmardatter av sunnmørsætt (fra Kniven eller Knivsflå i Geiranger) fra Hildeøyri, Innvik i Nordfjord. Ho svarte handelsskatt berre i 1770. I buet til Uhrie var aktiva vel 477 rd og passiva det same. Største kreditoren var kjøpmann Pytter i Bergen med ei fordring på nær 278 rd.

  I 1771 ekta enka HANS SØEVIG, kremmarson fra Søvik. Han hadde vore informator, huslærar, for barna til Iver Høgh i Vegsund; helst var han student og kanskje hadde han studert teologi, for då han døydde i 1818 blei han titulert Herr, og det var få utanom prestar forunt å bli nemnd slik på denne tida. Også Søevig dreiv nok litt handel, men utan større hell, og utan å svare handelsskatt. Seinare ingen handel på Korsneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s