Spjelkavik

Ein villmann fra Bergen, TOMAS JONSON (Randall), var truleg den første borgaren her. Han var bror til Carsten Jonson Randall på Fyrde, og kom vel til Sunnmøre då mora gifta seg med sunnmørsfuten Hans Lauritzen i 1568. Fra den tid kan Tomas ha budd i Spjelkavik. I 1577 tok «Thomes Jonsen Skot med fingeren» borgarskap i Bergen, og det var kanskje same mannen. Tomas gikk fram med «wold oc welde», blei det opplyst, og la under seg både kron-, kirke- og privatgods, m.a Vik på Ellingsøya og Ramstad i Sykkylven. Vi må rekne med at han dreiv både sagbruk og trelasthandel; i alle fall var både Ramstad og Spjelkavik gode skoggardar og ikkje lenge etter var det store sagbruk begge stadar. Tomas var adelsmann, men i 1589 blei han dømd og avretta «for sinn miszgierning», kva det no var. Etter det vi elles veit om han, var det få misgjerningar han veik tilbake fra. Ikkje rart at bøndene stadig klaga over borgarane på denne tida. Den som overtok Spjelkavik etter Tomas, var

  PEDER HANSSEN, fut på Sunnmøre 1592-97, som budde her til han døydde 1609. Også han ser ut til å ha vore borgar og drive handel her.

  HANS SIMONSEN, fut 1606-16, fra Haderslev tok over garden etter Peder Hanssen. I 1617 tok han borgarskap i Bergen og i 1618 blei han utnemnd til rådmann der, men døydde same året. Han var tollar på Sunnmøre 1616-18. I Spjelkavik hadde han sagbruk, og han dreiv truleg trelasthandel.

  Stesonen hans, CHRISTEN PEDERSEN TRANE er nemnd som jekteeigar i 1613-14 og budde då truleg i Spjelkavik. Tok trulegborgarskap i Bergen i 1619. Budde seinare på Nordmøre. Han var son av sorenskrivar Peder Christensen Trane i Hardanger og Voss, fra 1599 godsforvaltar i Bergen, og KARINE MIKKELSDATTER, som sidan blei gift med Hans Simonsen.

  Karine dreiv sagbruket, handelen og garden i Spjelkavika til 1627, då versonen MATHIS HANSSEN (Tod), tidlegare kjøpsvein på Hankeneset, overtok.  Mathis var fut på Sunnmøre 1633-35. Han var gift med ei datter av Hans Simonsen. I Spjelkavik dreiv han sagbruk og trelasthandel. Han handla også på Laberget. Kring 1650 flytta han til borgarsetet Hella i Ålesund. Han ser ut til å ha vore borgar, men eg har ikkje funne han i borgarboka. 

  I 1636 tok verbroren, kona sin halvbror, MIKKEL PEDERSEN TRANE, borgarskap i Bergen, og han er same året nemnd i Borgund. Også han budde truleg i Spjelkavik, seinare i Ålesund. Etter Mathis Hanssen si tid ser det ikkje ut til å ha vore drive handel her. I andre halvdelen av 1600-talet brukte borgundpresten Hiermand garden som avlsgard. Seinare blei Spjelkavik embetsgard igjen. Futen Nicolai Astrup budde her 1707-43 og sorenskrivar Iver Leganger 1748-52.

  PEDER FINDE ASTRUP, son av futen, brukte så til 1776 og dreiv visst litt handel. Seinare budde futen Mads Sørensen og sorenskrivar Johan Lausen Bull i Spjelkavik, Bull til 1798.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s