Tranvågen

I 1607 tok JENS JULL borgarskap i Bergen, og same året finn vi han nemnd mellom dei bøtlagde borgarane på Sunnmøre. Dette er den første kremmaren vi kjenner til her, og kanskje var han den einaste. Jull dreiv det stort, såleis skatta han i 1629 av heile 5 drengar. Han dreiv også trelasthandel. I 1620-23 er han oppført som seljar av fleire skutelaster, ofte i lag med borgarane på Langskipsøya. I 1633 er enka etter Jens Jull, Sendue (Synneve), oppført som borgar. Den neste borgaren som ser ut til å ha budd og handla her er JOHAN FABIAN. I 1640-41 laut han bøte 0,5 rd for å ha slått Peder Traneuogs datter under øridt. Året etter var han sjølv utsett for åtak, då Olaf Vevar slo inn nokre ruter hos han; dette laut vevaren bøte 2 daler for. I 1643 tok så Johan Fabian, fødd i Helsingør, borgarskap i Bergen. I 1645 er han oppført som strandsidder. I 1648-49 var han atter i klammeri. Han laut då bøte 2,5 rd for å ha slått ein ulsteinmann i haudet med ei børse. Siste gongen vi høyrer om Johan Fabian er i 1656, då han stemnde ein mann i Mausavågen for skyld och gield, nemleg 9 daler etter Fabian si rekneskapsbok, som han la fram i retten.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s