Vegsund

Vegsund må ha vore mellom dei eldste borgarseta på Sunnmøre, kanskje etablert allereie i 1540-åra som sete for kjøpsveinane til ein borgar i Bergen. At her budde borgarar fra kring 1570 er rimeleg å gå ut fra, og vi kan ha ein grunngitt mistanke om kven det var, nemleg Søren Anderssen, som løyste borgarskap i Bergen før 1575, kanskje i 1568; sjå nedanfor.

  I 1604 budde MIKKEL JENSSEN, borgar av Bergen, i Vegsund. Han må ha vore lik den Michell Jennsøn som tok borgarskap i 1589; i så fall kan han ha budd her fra den tid. Mikkel Jenssen var en fremmedt och vdlandsche født och baaren mandt, heitte det i 1608. Ein samnemnd borgar heldt til i Nørvasundet i 1606-07, men det var helst tale om Mikkel Jenssen Smit som tok borgarskap i 1605. Mikkel i Vegsund var «svoger» til Søren Anderssen, rådmann i Bergen, som forpakta Giskegodset i 1590-åra ei tid. Mikkel kan ha vore Søren Anderssen sin verson. Ikkje utruleg var Mikkel Jenssen lik den seinare borgarmeisteren i Bergen av same namnet.

  PEDER PEDERSEN, eller Peter Peterson (som omskrifta i seglet hans lyder), er nemnd i Vegsund fra 1606-07 til han døydde i 1628. Peder var helst av frisisk opphav, for Seyer (Seiger), som sonen heitte, er eit fornamn fra Frisland. Peder kan ha tatt borgarskap i Bergen i 1598 eller 1606. Han var ein av dei største trelasthandlarane på Sunnmøre, og i samband med dette hadde han eit handelssete på Langskipsøya. Kona var datter av Iver Eriksen, prest i Norddal. Gjennom dette ekteskapet var Peder verbror til futen, seinare borgaren Hans Grimmersen, borgaren Oluf Iversen, ulsteinpresten Rasmus Povelsen Brandal, voldspresten Peder Iversen og prebendestyraren Jørgen Claussen (han forvalta Margrete prebende: jordegodset til den nedlagde Margretekirka i kaupstaden Borgund), bror til borgundpresten Hans Claussen Gaas.

  Enka, Anne Iversdatter, ekta seinast i 1631 OLUF GLAD. Han handla også på Langskipsøya og er sist nemnd i 1634. Oluf var mest truleg son av Hans Olufsen Glad, lagmann i Bergen, eventuelt son av Søren Sørensen, borgarmeister i Bergen, og Margrete Olufsdatter Glad, og i så fall verbror til Rasmus Lauritzen Stud på Hankeneset.

  I 1635 kan OLUF IVERSEN, verbror til Oluf Glad, ha tatt over handelen. Same året løyste han borgarskap i Bergen. Like etter budde han på Langskipsøya. Seinare hadde han eit bruk på Veibust.

  Seinast i 1636-37 budde HANS BASTIANSEN, mest truleg ein nordmøring (av ætta White), i Vegsund. Han var verson av Peder Pedersen. Hans levde i 1648, men budde då ein annan stad.

  Seinast i 1645 budde HANS SØRENSEN BUCH i Vegsund. Han var også verson av Peder Pedersen, kanskje lik lofotværingen Hans Sørensen som tok borgarskap i Bergen i 1644. Han var her berre 4-5 år; flytta så til Sunde.

  Den neste kjende kremmaren i Vegsund er CLAUS POVELSEN, som budde her seinast i 1659 og enno i 1663. Mykje tyder på at han var son av lagmann Povel Helgesen på Brandal. Kona hans må ha vore ei datter av futen Nils Knag. Det ser ikkje ut til at Claus hadde borgarskap i Bergen. Han handla elles også på Valderhaug, sjå Laberget V.

  Seinast fra 1675 og fram til 1699 handla RASMUS HENNINGSEN SMIT, son av godseigaren og rådmannen Henning Hanssen Smit (sjå Hanken), i Vegsund. Han hadde vidgreinte økonomiske interesser; m.a. forpakta han ei tid klostergodset Utstein i Rogaland, og han var med på å forpakte handelen på Finnmark dei siste tiåra av 1600-talet. Budde seinare på Giskegard, sjå der.

  Seinast i 1710 tok JØRGEN HANSSEN HØGH over borgarsetet (sjå Skuggen). Ikkje utruleg var han av Knagætta på morssida. Han hadde vore skrivarfullmektig i Nordfjord og på Sunnmøre, ei tid også konstituert skrivar på Sunnmøre. Jørgen Høgh handla her til han døydde i 1737. I 1726 fekk han skøyte fra kongen på Haram kirke for 350 rd kroner (392 rd kurant) og likeeins på Vigra kirke for 470 rd kroner (vel 526 rd kurant).

  Enka, borgardatter fra Ørstavik, handla så nokre år til sonen, IVER JØRGENSEN HØGH overtok i 1745. Handelsskatt 1745-69. Det gikk ut med Iver Høgh i 1760-åra, og han døydde fattig i 1769. I 1749 skulle kremmaren i Vegsund svare 12 rd årleg i staden for konsumpsjon og handelsskatt.

  Versonen til Høgh, HANS JACOB MECHLENBURG, kaptein- og kremmarson fra Klokkehaug i Sykkylven, overtok her i 1771. Han svarte handelsskatt 1771-99, enka 1800-05. Han døydde i 1800. I 1785 heitte det om Vegsund:

 

Dette er et gammelt handelsstæd, vel bebygget, med et sund eller strøm, hvor igiennem er en idelig og betydelig fart af almuesmænd, hvorved baade handel og natteherberge søges og stædet [er] derfor fornøden til handelsstæd baade nu og fremdeles.

 

Mechlenburg fekk kongeleg kremmarløyve i 1791.

  Sonen IVER FREDRIK MECHLENBURG overtok i 1803 og svarte handelsskatt 1806-55. Han handla også på Synes og Gåsholmen. Truleg handla han ikkje i Vegsund etter 1835.

  Versonen, LARS THORSNES fra Strandebarm, kjøpte Vegsund av verfaren i 1835 og svarte handelsskatt 1837-47. Seinare flytta han til Steinvågen i Ålesund og dreiv handel der.

  Krigshelten og dannebrogsmannen Sivert Olsen Hatlemark kjøpte garden Vegsund av Thorsnes i 1848. Hatlemark ser ikkje ut til å ha dreve handel. Seinare overtok familien Stafseth staden, og dei dreiv vanleg landhandel her like til 1938. Då hadde Vegsund vore handelsstad i kanskje nær 400 år, nesten samanhengande.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s