Fyllingen

Første gongen vi høyrer om ein borgar her er i 1675, då Claus Reimers er oppført som buande udj Fyllingen. Ein mann av dette namnet, fra Ditmarsken, tok borgarskap i Bergen i 1633, og dette kan ha vore den samme. I 1645 budde vår mann, CLAUS CLAUSSEN REIMERS, og kona Kristense Hansdatter i Bergen (dei er nemnde i lag på Sunnmøre i 1680-åra); dei åtte då eit våningshus og tre sjøbuer verdt 400 daler. Dei flytta til Sunnmøre seinare, men kan ha handla her før. Mest truleg var Claus Reimers far til borgaren Jacob Claussen Reimers i Kjeldsund i Herøy. Claus Reimers levde enno i 1684, men må ha døydd ikkje lenge etter.

  I 1680-åra flytta ISAK CHRISTENSEN, før borgar i Øysteinsvika i Ålesund, hit og dreiv kanskje handel nokre år. Han døydde 77 år gammal i 1718.

  I 1722 bygsla NICOLAI ULRICHS garden. Han var kjøpmannsson fra Bergen og søsterson til Christen Sæd på Molvær (jf Tyskholmen). I 1724 heitte det i matrikkelframlegget om Fyllingen, at her paa gaarden har ogsaa været et gammelt kremmerleie, som nu paa nye er ført udj brug og stand af Nicolaj Oldrichs. Ulrichs dreiv Fyllingen fram til å bli eit av dei aller største borgarseta på Sunnmøre. I 1749 blei Fyllingen sett til å kunne svare 16 rd årleg i handelsskatt. Nicolai Ulrichs svarte handelsskatt 1744-63. Han døydde det siste året og etterlet seg aktiva på 10.086 rd, passiva på 6836 rd.

  Etter Nicolai Ulrichs overtok søstersonen, ESKILD JØRGENSEN ABEL, ein bergensar, som før hadde handla på Slinningen. Abel svarte handelsskatt 1765-72. Det gikk ut med han, og han laut selje Fyllingen i 1777. Sjølv flytta han til Kipperberget, der han budde i 1801, som almisselem…

  Den nye eigaren var CHRISTOPHER HENNINGSEN ABELSET, presteson fra Haram (jf Søvik), som svarte handelsskatt 1777-88. I 1785 heitte det om staden:

           

Eet gammelt handelsstæd vel bebygget, beqvemt i sær for            almuen af Søer-Øerne som her almindelig søge handel og natteherberge, hvorover stædet er fornøden baade nu og fremdeles.

 

Også Abelset gikk det ut med. Borgarsetet gikk til auksjon i 1789, men mora hans kjøpte det og let han sitte med garden, som han fekk eigedomsrett til i 1795, då mora døydde.

  Handelen låg så nede til JOHAN DANIEL STUB, skrivarson fra Nordfjord og verson av Abelset, tok over i 1810. Stub svarte ikkje handelsskatt, men skal likevel ha dreve handel.

  I 1822 blei det halde skifte etter handelsmand  BERGSVEIN HOV på garden. Heller ikkje han er oppført i handelsskattemanntalla.

  Seinare handla skipperen STEVELIN SCHIELDROP fra Moltu i Herøy her ei tid. Han døydde i 1830 og enka flytta då til Ålesund, der ho dreiv Schieldrops Hotel i Skansen. Seinare ingen privilegert handel i Fyllingen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s