Gåsholmen

Den første kjende borgaren her er KNUD JENSSEN fra Aarup på Jylland. Han tok borgarskap i Bergen i 1626 og bygsla samme året Gåsholmen. Borgarskapet hans blei oppsagt 30. juli 1630; han var kanskje daud då.

  Etter han kom ein Jens Gaasholm, truleg lik borgaren JENS KNUDSEN som er nemnd i området  samtidig, og som kanskje var son til Knud Jenssen. Uvisst kva tid han tok borgarskap.

  Seinast i 1636-37 var det kommen ein ny borgar hit, ANDERS PEDERSEN, som kanskje var lik mannen av samme namnet fra Sundhord som tok borgarskap i Bergen i 1635. Anders dreiv fra 1651 eller før handel på Valderhaug.

  Handelen på Gåsholmen blei vel fra den tid dreven av sonen PEDER ANDERSSEN, som bygsla holmen i 1661 og tok borgarskap i 1662. Han sa opp borgarskapet sitt i 1684. Peder var lensmann i Borgund skipreide i det minste 1678-79, truleg den første borgarlege lensmannen i dette skipreidet. Peder døydde i 1697 eller før; han sto då i stor gjeld til eit handelshus i Bergen, som selde krava sine i buet til

  TYGE DAVIDSEN, tidlegare kjøpsvein og godsforvaltar i Hanken for familien Smit. Tyge var truleg son av den David Pedersen som døydde på Gåsholmen 1700 i ein alder av 82 år (= David Pedersen fra Eiksund som tok borgarskap i Bergen 1659?). Tyge Davidsen handla her i alle fall til 1706. I 1704 er han nemnd som fullmektig for konsumpsjonsforpaktaren i Bergen; fra 1708 var han tollbetjent for Christen Sæd på Molvær. Tyge Davidsen døydde truleg i 1721.

  Då var allereie ein annan kremmar, eller kanskje berre kjøpsvein, etablert her, nemleg tyskaren CLAUS BECKER, som vi også finn nemnd i 1722, men ikkje seinare.

  I 1730 selde enka etter Tyge Davidsen husa på Gåsholmen til ANDERS STEPHENSEN ARENTZ, borgarson fra Tyskholmen, som kan ha handla her nokre år

  Etter denne tid ser handelen ut til å ha lege nede i over 50 år, heilt til kremmaren i Vegsund, HANS JACOB MECHLENBURG, tok til å handle her i 1780-åra, ser det ut til.

  Sonen IVER FREDRIK MECHLENBURG dreiv handelen og fiskeværet vidare fra 1806 og til slutten av 1830-åra, i det minste.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s