Hamna

Også kalt Skrivarhamna etter sorenskrivarane som budde her i første halvdelen av 1800-tallet. Den første kjende kremmaren på staden var ANDERS NILSSEN, som er nemnd i 1606-07 mellom dei bøtlagde borgarane på Sunnmøre. Han tok borgarskap i Bergen i 1606, eventuelt i 1594. Han er enno omtalt som borgar i 1624; seinare brukte han noke av Vågneset (då Våge), siste gongen nemnd i 1648, men var truleg daud då. Anders var kanskje far til borgaren Jon Anderssen i Urvika. Etter Anders budde ei rekke plassemenn i Hamna i 1630-60 åra. I 1666 budde Nils Anderssen kipper her, 50 år gammal, truleg son av Anders Nilssen. På skiftet etter Nils i 1693 er husa i Hamna rekna opp, og dei var slike ein kunne vente å finne på eit borgarsete, men det er uvisst om Nils Anderssen dreiv handel sjølv.

  Versonen til kipperen Nils Anderssen, KNUD OLSEN HAFNEN, bondeson fra Stige i Skodje, tok til å handle her i 1699 eller før. Han dreiv borgarsetet i veret og handla til han døydde kring 1715.

  Sonen NILS KNUDSEN HAFNEN overtok og handla til 1746, då han døydde. Kona hans var av borgarætta Langeloe fra Stranda og ho spedde vel på med ein grann midlar til rikdommen. På skiftet etter ho i 1746 blei aktiva sette til 5730 rd, passiva til 1102 rd.

  Sonen KNUD NILSSEN HAFNEN skulle ha dei aller beste utsikter då han overtok i 1746, men av  ukjende grunnar gikk det raskt ut med han. I 1747-50 svarte han handelsskatt, men i 1751 heitte det at han var bortreist. Han døydde i 1754, mest truleg i utlandet, og i 1756 blei det halde skifte etter han. I skifteboka heiter det at han hadde vore i København, Kina og andre stadar utanlands, kanskje for å finne kur mot lepra, spitalsjuka, for farmora Karen hadde døydd av denne sjuka på Hospitalet på Molde i 1722 eller noke før. I buet var midlane berre 1032 rd, medan gjelda gikk opp i 1420 rd. Dette vil seie at han hadde tapt over 3500 daler på 10 år! No var tidene ikkje gode for borgarane på Sunnmøre i 1750-åra, men det kan ikkje berre ha vore den aukande tevlinga som tok knekken på Knud. I 1749 heitte det at Hamna kunne svare 12 rd årleg i staden for handelsskatt og konsumpsjon.

  I 1757 kom det ny kremmar til Hamna, THOMAS HAMMOND, kjøpmannsson fra Trondheim og tidlegare skipper på Molde. Hammond sjølv og handelen hans var liv laga, for i 1757-1801 svarte han handelsskatt i eininga. I 1785 heitte det om Hamna:

 

Eet gammelt handelsstæd, beqvemt og fornøden til handel baade nu og fremdeles, har en god og sikker havn for almuen som næsten daglig her søger herberge. For et aar siden var ejeren saa uheldig at alle hans huuse og ejendeele ved en ulykkelig vaadeild opbrændte, men han har nu igien forskaffet sig credit og derved næsten opbygget alle fornødne huuse.

 

I 1791 fekk Hammond kongeleg kremmarløyve.

  Versonen til Hammond, PETER NICOLAI RANDULFF, overtok i 1801 og fekk kongeleg kremmarløyve i 1802. Randulff hadde vore tilsett ved den kongelege grønlandske handel 1792-1801, som kjøpmann i Umanaq 1794-1800, og før den tid hadde han budd på Sunnmøre, først som skrivekar for onkelen, sorenskrivar Johan Lausen Bull, seinare som futefullmektig. I hans tid var Hamna postkontor i Borgensund, der Randulff var postmeister 1804-12. Handelsløyvet sa han opp i 1808 (handelsskatt 1802-08). I 1812 blei han utnemnd til overkrigskommissær og 1814-15 var han inspektør for Runde fyr samt sjef for ei avdeling av kystvernet på Sunnmøre. Randulff flytta så til Stavanger, der han var toll- og konsumpsjonskasserar til 1817.

  Seinast i 1816 tok MATHIAS JESSEN til å handle i Hamna. Han var fra Haderslev i Danmark og hadde tatt borgarskap som skipper i Bergen i 1804. Handelsskatt 1817-19.

  I 1819 kjøpte så sorenskrivar Knud Carl Krogh staden og budde her til 1830, då den nye skrivaren, Joachim Gotsche Holmboe, kjøpte og busette seg her. I 1839 flytta han til Nørveneset, der han sette opp husa fra Hamna, som var oppførte kring 1785. Denne nye bustaden kalte han Fredsberg. I 1962 brann husa der ned til grunnen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s